Ødegård får ikkje erstatning
Tidlegare generalsekretær i stiftinga Rettferd for taperne, Ola Ødegaard, får ikkje rettferdsvederlag frå Dovre kommune. Det vart klart etter formannskapsmøtet i dag. Ødegaard har tidlegare fått to ulike erstatningar frå staten. Formannskapet meiner difor at det ikkje er naturleg at han får oppreisning frå kommunen i tillegg.