Hopp til innhold

Strynefjellet opna att

Halv tolv i føremiddag opna riksvegen 15 over Strynefjellet etter å ha vore stengt sidan natt til onsdag. I dag har det vorte sprengt to dynamittsalver for å få ned snø i eit rasfarleg område i Grasdalen. Terje Dalen i Vegvesenet seier at det kom ned ein del snø, og at vegen no er opna for allmenn ferdsel.