Det vart vist klar aktløyse før dødsulykka i alpinanlegget på Bjorli, hevda eit vitne i lagmannsretten i dag.
Augevitnet sto berre få meter unna da ulykka skjedde. Ei fire år gamal jente døydde etter ho vart rygga over av trakkemaskina. Faren hennar vart hardt skadd i ulykka.
Harald Stabell er forsvarar til trakkemaskinføraren. (Foto: Scanpix)
- For stor fart
Vitnet meinte trakkemaskina hadde for stor fart, og at føraren ikkje såg seg godt nok for. Vitnet hevda også at det ikkje burde ha vore trakkemaskin i anlegget i det heile tatt.
Nettopp spørsmålet om den tiltala såg seg godt om og såg i spegelen før han rygga står sentralt i saka.
Domfelte har under heile saka, både i tingretten og nå i lagmannsretten, hevda at han ikkje handla aktlaust.
Såg han i spegelen?
Han har forklart at han såg i spegelen, men ikkje såg nokon bak maskina. Mora til jenta som vart påkjørt, forklarte at ho var sikker på at føraren ikkje såg i spegelen eller kikka bak seg. Tingretten la til grunn at han såg bak seg før han rygga.
Trakkemaskinføraren meiner sjølv han er blitt straffa for hardt. Derfor anka han dommen på straffeutmåling, oppreisingskravet og tap av førarretten.
Han vart dømt til 10 måneders fengsel, der halvparten var på vilkår. Han vart også dømt til å betale 130.000 kroner i erstatning til foreldra til jenta, i tillegg mista han førarkortet i tre år.
Aktor Hans Petter Ommedal.
Anka ikkje skuldspørsmålet
Forsvarar Harald Stabell sa i retten i dag at han vil legge ned påstand om at den tiltala ikkje skal betale oppreising og at tap av førarrett skal avgrensast til eitt år.
Aktor Hans Petter Ommedal sa i si innleiing at han vil konsentrere seg om spørsmålet om grov aktløyse.
Trakkemaskinføraren har ikkje anka skuldspørsmålet på grunn av den store belastninga det er for han og dei pårørande.
I lagmannsretten i dag skal fleire augevitne forklare seg, og det skal vera synfaring i alpinanlegget på Bjorli.