Hopp til innhold

- Sjeldan med så alvorleg mobbing

Ein niåring skal ha vorte slått med balltre og prøvd stukke med kniv. – Det er sjeldan ein høyrer om så alvorlege mobbesaker, seier professor i psykisk helse, Willy Tore Mørch.

Ein 9-åring i Gjøvik skal ha vorte mobba i over eit år. Den mest alvorlege hendinga var da dei to åtte år gamle mobbarane truga med å stikke niåringen med kniv.

– Så tek den eine guten fram ein kniv og held den mot hovudet på sonen min og skal prøve å stikke. Så gjev han kniven til den andre som seier at; «eg skal drepe deg, vi skal stikke deg i hjernen, vi skal stikke deg i hjartet», fortel faren til NRK.

Mye å ta tak i

Ragnhild Bjørnebekk

Mobbinga på Gjøvik har pågått for lenge, seier voldsforskar Ragnhild Bjørnebekk.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

På alle skular er det aggressive barn. Desse må lærast opp til å kontrollere framferda si. Derfor er det mykje å ta tak i, seier valdsforsker Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen.

Bjørnebekk er forundra over at dei ikkje har klart å stoppe denne mobbinga på Gjøvik. - Dei fleste mobbarar slutter når dei blir korrigert. Når det ikke skjer må skolen sørge for at slik mobbing tek slutt, seier Bjørnebekk.

Trond Johnsen

Utdanningsdirektør Trond Johnsen seier alle elevar har rett til å være trygge.

Foto: NRK

– Alle elevar skal ha eit trygt og godt miljø. Derfor må skulane handle og rydde opp i mobbing, seier utdanningsdirektør Trond Johnsen i Oppland. Johnsen seier han ikkje kjenner forholda rundt saka på Gjøvik, og vil derfor ikke kommentere den spesielt.

– Mobbarane må følgjast opp

– Det er veldig sjeldan at det går så langt som det vi høyrer om her. Men vi veit at det er nokre barn som kan utvikle valdelege haldningar nokså raskt, seier professor i psykisk helse hjå barne og unge, Willy Tore Mørch.

Han seier at det ofte skjer at mobbarane får støtte blant andre elevar ved at dei blir sett opp til, og at det blir knytt ei spaning rundt mobbinga.

– Mobbarane må få eit tilbod som gjer at dei endrar åtferda over tid. Det finst program for å hjelpe denne type barn. Det er sjølvsagt også svært viktig at offeret blir teke vare på.

– Denne forma for truslar som barnet har opplevd vil openbart føre til angst. Det kan få langsiktige konsekvensar for dette barnet sine moglegheiter og vilje til å gå inn i sosiale situasjonar og aktivitetar. Så dette er veldig, veldig alvorleg, seier Willy Tore Mørch.