- Ranarane hadde ein rå framgangsmåte, seier avdelingsdirektør Steinar Tofte.
Ingen kommentarar
Tofte vil ikkje kommentere saka vidare, men seier avdelinga har eigne rutinar i slike tilfelle.
- Men dei kriminelle miljøa veit sjølvsagt kva slags verksemd vi driv her i Lillehammer, seier Tofte.
Norsk Kontantservice, NOKAS, har i dag avdelinger i Oslo, Lillehammer, Trondheim, Tromsø, Larvik, Kristiansand, Stavanger, Bodø og Bergen.
Pengar ut og inn
Selskapet, som vart oppretta i 2001, er eigd av Norges Bank, DnB NOR, Fokus Bank, SpareBank 1 Gruppen, Terra Gruppen og Sparebanken Hedmark.
Dei leverer i dag meir enn 500 millionar setlar og 700 millionar myntar til bankar over heile landet. Kor mykje av dette som skjer frå Lillehammer er ikkje kjend.