Iversen seier Tine tabba seg ut, men at det ikkje er nok til å forsvare dei angrepa høgrekreftene i politikken no kjem med.
- Ikkje liknande
Iversen seier han har vore med på mykje i landbrukspolitikken, men at han ikkje har vore med på noko liknande.
- Høgrepartia, spesielt Frp og delar av Høgre, brukar Tine-tabba til å angripe noko av det viktigaste vi har i landbrukspolitikken. Dei ordningene dei går til åttak mot er det vi har for å kunne halde på eit distriktsjordbruk. Men nå ser vi at dei bruker denne saka som ei brekkstong for å kome landbruket til livs, seier Iversen.
Eli Blakstad er saman med Bjørn Iversen kritisk til det som no skjer i Tine-saka.
Får støtte
Eli Blakstad i Oppland Senterparti går til kraftig åttak mot dei som sablar ned landbrukssamvirket i desse dagar.
Ho minner om at i 2006 har landbrukssamvirket sørga for at alle gardbrukarar har fått levert mjølk, uavhengig av storleiken på garden og kvar garden ligg.
- Låge prisar
Blakstad seier det er landbrukssamvirket som har sørga for låge matvareprisar dei siste åra og sikra norsk mat i norske heimar.
- Dessutan har dei bidratt til å sikre mjølkeproduksjon over heile landet, til og med i fjellbygdene. Det ansvaret organisasjonane har fått i høve til å regulere marknaden, har gått bra. Ein må ikkje gløyme det i desse dagar, seier Blakstad, og peikar mellom anna på den kraftige turbulensen mot Tine.
Kritisk
Blakstad seier ho ikkje føler seg heilt tygg på kva agenda dei ulike aktørane har hatt dei siste vekene.
- Tine har handtert dette klønete. Men det er langt frå det til å gjere som Frp og gå inn for å leggje ned landbrukssamvirket. Landbrukssamvirket har hatt som mål til eikvar tid å sørgje for at gardbrukarane fekk høge nok prisar. Samtidig har dei hatt ei plikt på å hente mjølk på alle gardar. Det treng ikkje dei private aktørane å tenkje på, men eg frykter for korleis landbruket hadde vore viss private som vil tene pengar skulle hente mjølka, seier Blakstad.