Blakstad meiner Riksteatret har utspelt rolla si og bør leggjast ned.
- Det bør heller leggjast til rette for Peer Gynt på Gålå (bildet) og andre regionale oppsetningar mot å behalde Riksteateret, meiner Eli Blakstad.
Regionalt er betre
Blakstad vil heller at det blir lagt til rette for regionale satsingar slik at dei regionale institusjonane får utvikle seg.
- For å bruke Innlandet som eit ekspempel, så har vi Hedmarkteateret, Peer Gynt og Kristinspelet, derfor er det ikkje nødvendig å ha Riksteateret, seier Blakstad.
- Har suksess
Sjef for Riksteatret, Bente Erichsen, reagerer sterkt på framlegget frå Peer Gynt-direktør Eli Blakstad om å leggje ned Riksteatret.
Bente Erichsen meiner Riksteateret er det beste måte å oppleva teater på.
Bente Erichsen seier Blakstad ikkje kan ha følgt med i timen.
- Riksteateret har faktisk endra seg dei siste åra, vi la om strukturen med stor suksess, hevdar Erichsen.
- Det er dokumentert at du får meir kvalitetsteater for pengane ved å bruke Riksteateret enn noko anna, legg ho til.
Erichsen seier stadig fleire besøker Riksteateret.
Fleire vil bli kvitt Riksteateret
Også Krf-politikar og medlem i Distriktskommisjonen, Audun Holsbrekken frå Lesja, støttar forslaget om å legge ned Riksteateret.
Krf-politikar og medlem i Distriktskommisjonen, Audun Holsbrekken frå Lesja, vil også leggje ned Riksteateret.
Den regjeringsoppnemnte distriktskommisjonen har ein diskusjon om Riksteateret og andre kulturinstitusjonar gåande.
Audun Holsbrekken meiner at pengane som i dag går til Riksteateret kan brukes betre på andre måtar.
- Vi vil heller byggje opp kulturinstitusjonar i regionane, seier Holsbrekken.
- Tomrom
- Utspelet om å legge ned Riksteateret er nærsynt og lite visjonært.
Det meiner styreleiar for festspela i Elverum, Torbjørn Bækkevold.
Bækkevold meiner ei nedlegging av riksteateret vil føre til eit tomrom som dei regionale teatra ikkje vil klare å fylle. Kulturpolitisk må det vera eit mål å bygge opp, ikkje ned seier han.