Student Ole Jørgen Finnes fekk denne veka store tannsmerter om natta. Men ingen av dei 12 til 14 tannlegane han dagen etter kontakta i Lillehammer kunne hjelpe han.
- Må hjelpe
Fylkestannlege Bjørn Ellingsæther seier det er lovpålagt å hjelpe personar med akutt behov.
- Folk som er i naud, har ein plikt til å hjelpe. Vi har ein lov om helsepersonell. Der heiter det at helsepersonell skal sørgje for at folk får hjelp, seier Ellingsæther.
Ole Jørgen Finnes kjem frå Trondheim, men studerar i Lillehammer. Han har ikkje eigen tannlege i byen og då var det ikkje råd å få hjelp.
- Rart
- Det vart jo veldig vondt. Eg slo opp i Gule Sider, men ingen av dei eg ringde til kunne hjelpe meg. I alt var det mellom 12 og 14 tannlegar som eg kontakta. Ingen av dei ville hjelpe meg med den øydelagde jekselen, seier Finnes.
Han seier det er rart at Lillehammer ikkje har tannelegevakt.
- Slik eg forstår det er tannlegedekninga god i Lillehammer. Viss ein vil klage inn dette, må det skje til Statens Helsetilsyn, seier Bjørn Ellingsæther, fylkestannlege i Oppland.