NRK Meny
Normal

- Gry og Tore har best sjansar

Gry Larsen og Tore Hagebakken er truleg dei beste kandidatane frå Oppland til statsrådpostar. Det trur NRKs valgkommentator Jon Helge Lesjø.

Gry Larsen
Foto: Jarl Fr. Erichsen, Erichsen, Jarl Fr.

Oppland har hatt berre tre statsrådar sidan 70-talet. Til samanlikning har Hedmark hatt 11 statsrådar pluss ein statsminister.

Lesjø meiner hedmarkingane har vore flinkare til å få fram politiske talent. Når det gjeld regjeringsmedlemmer frå Arbeidarpartiet, meiner han Hedmark har hatt sterkare og dyktigare politikarar enn Oppland.

I dag er Knut Storberget justisminister og Sylvia Brustad næringsminister.

Gry og Tore

Tore Hagebakken
Foto: Stortinget

Lesjø trekkjer nå fram to av Opplandspolitikarane som kan ha sjansar til statsrådpostar i den nye Stoltenbergregjeringa.

- Tore Hagebakken frå Gjøvik har parlamentarisk erfaring som leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen, han har site i APs sentralstyre og har omfattande politisk erfaring elles.

Også Gry Larsen frå Jevnaker har fleire gode kvalifikasjonar til å bli statsråd, meiner Lesjø.

- Ho har vore AUF-leiar og er nå statssekretær hos Jonas Gahr Støre i Utanriksdepartementet. Elles kan ho vera ein fargerik politikar, seier han.

Kven meiner du har størst statsrådpotensiale i Innlandet? Sei di meining her.