Hopp til innhold

- Budsjettet trugar kyrkjereformen

Leiaren i Hamar bispedømmeråd, Marit Tingelstad, reagerer på at det blir løyvd berre fem millionar kroner til den nye kyrkjereformen på statsbudsjettet.

Marit Tingelstad meiner det er eit bedrag når Stortinget på den eine sida pålegg ein reform til 100 millionar kroner, samtidig som regjeringen berre løyver fem millionar kroner til reformen på statsbudsjettet.

Marit Tingelstad, leder i Hamar bispedømmeråd

Marit Tingelstad er overraska og rysta over at det blir løyvd berre fem millionar til kyrkjereformen. - Smårusk, seier ho.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

- Det er berre smårusk, seier Tingelstad.

- Kapasiteten sprengt

Den tidlegare stortingsrepresentanten for Senterpartiet seier det vil vere kostbart når kyrkja nå skal bli meir demokratiske. Reformen går mellom anna ut på at dei kyrkjelege vala skal gjennomførast samtidig med dei offentlege vala.

- Alle veljarane skal få tilsendt valkort og det skal utdannast folk til å gjennomføre valet. Til dette trengst det pengar, og eg er rysta over at det er løyvd berre fem millionar kroner.

Ho seier at bispedømmekontora og lokale kyrkjekontor har meir enn nok å gjere slik situasjonen er i dag.

- Kapasiteten er rett og slett sprengt, seier Tingelstad.

- Stortinget gav marsjordre

Leiaren i Hamar bispedømmeråd minner om at det var Stortinget som gav marsjordre om dennre formen, etter kyrkjeforliket i april i år.

- Kyrkja skulle da få meir fridom, forutsett at dei gjennomførte ein slik demokratireform. Da vart det lagt vekt på nettopp at dei kyrkjelege vala skulle gjennomført samtidig med dei offentlege vala. Derfor er eg overraska over at det ikkje blir løyvd meir til dette.

- Kva kan dette få å seie for gjennomføringa av reformen?

- Det kan vere trugande, seier Marit Tingelstad.