Hopp til innhold

Vinden malte bygda kvit

Mykje snø og vind har lagt eit vinterteppe over mange av husa i Finnmark. Mellom tette snøbyer fekk Arnt Eirik Hansen knipsa eit snødekka Berlevåg.

Berlevåg etter snøstorm
Foto: Arnt Eirik Hansen

Finnmark har fått mykje snø dei siste dagane, og i kombinasjon med sterk vind har vêret sett sitt vinterstempel på bygningar i fylket.

Arnt Eirik Hansen i Berlevåg nytta ein pause mellom snøbyene laurdags morgon til å fange vinterstemninga i bygda.

– Dei fleste husa hadde tre sider med snø og ei side som har vore i le, seier Hansen.

Hansen har lagt ut nokre av bileta frå turen på facebooksida til Berlevaagnytt.com, og responsen har vore enorm.

– Eg har tatt vinterbilde før, så kva som har fenga folk no, det veit eg ikkje, seier han.

Bilda har blitt delt 638 gonger, og over 100 000 har sett innlegget hans. Det er imponerande tal for Berlevåg, med sine 991 innbyggarar.

Snøkledd Berlevåg

Det er ikkje godt å vite kva som blir vist på kinoen i Berlevåg i helga.

Foto: Arnt Eirik Hansen

Framleis snø og vind

Vegen mellom Kongsfjord og Berlevåg opna for kolonnekøyring på søndag, og den første kolonnen gjekk frå Berlevåg klokka 12.

Ifølge vêrvarselet frå Meteorologisk institutt vil det framleis vere ein del snø og vind dei neste dagane.

Søndag er det venta nordvest stiv kuling utsette stader, minkande til skiftande bris i vest, nordleg liten kuling i øst. Det blir snøbyer, vesentleg i nordaustlege strøk.

På måndag er det venta nord og nordaust bris, av og til frisk bris på kysten. Det vil vere snøbyer i ytre strøk, elles stort sett opphaldsvêr.

Send oss ditt vinterbilde og vinn DAB-radio

Har du tatt eit flott vinterbilde eller vintervideo frå Finnmark som du vil dele med NRK Finnmark? Send det inn til finnmark@nrk.no eller del det på sosiale medium med emneknaggen #nrkfinnmark. Vi vel ut det beste bildet og premierer det med ein DAB-radio.

Fristen for å sende inn bildet er tysdag 24. januar 2017 klokka 16.00.