Hopp til innhold
Info fra NRK

«Lykkeland» søker barn og unge til ny sesong

I 2023 skal produksjonsselskapet Maipo Film i gong med å spele inn tredje sesong av dramaserien «Lykkeland» for NRK. No søker dei barn og unge med dialekt frå Stavanger-området til fem ulike roller.

Lykkeland sesong 2

Toril (Malene Wadel) og Christian (Paal Herman Ims) med Marius (Ask Henrik Oftedal) og babyen Marie i sesong 2 av «Lykkeland». I den kommande sesongen er barna blitt om lag sju år eldre, og produksjonsselskapet leitar no etter skodespelarar som kan fylle rollene.

Foto: Ieva Jura / Maipo Film/NRK

Oppdatering:

Det er no funne skodespelarar til alle rollene. Takk til alle som søkte!

«Lykkeland» handlar menneske som står midt i oljeeventyret i Stavanger frå slutten av 60-talet og utover. Sesong 3 tar føre seg åra frå 1987 til 1990.

Maipo Film søker no barn og unge til å fylle fem roller, fire av dei ganske store.

Tidlegare erfaring med skodespel er ikkje nødvendig.

Søknaden sendast til castinghaga@gmail.com

Dette er rollene:

Marie

  • Skal spele dottera til Toril og Marius.
  • Vi søker jenter i alderen 10-13 år.
  • Må snakke Stavanger-dialekt.
  • Ein stor fordel om dei som søker er trygge i vatn. Erfaring med segling er eit stort pluss.
  • Merk e-post med MARIE LL3.

Marius

  • Skal spele Toril og Frank sin son, som vi vart godt kjent med i sesong 2. No har han blitt sju år eldre.
  • Vi søker gutar i alderen 17-21 år. (Må helst fylle 18 seinast i første kvartal 2023).
  • Må snakke Stavanger-dialekt.
  • Marius-karakteren driv med idrett.
  • Merk e-post med MARIUS LL3.

Elsa & Johnny

  • Skal spele tvillingane til Anna og Jonathan.
  • Vi søker jenter og gutar i alderen 6-9 år.
  • Må snakke Stavanger-dialekt.
  • Merk e-post med
    JOHNNY LL3
    ELSA LL3

Solveig:

  • Vi søker jenter i alderen 17-21 år til ei birolle. (Må helst fylle 18 seinast i første kvartal 2023).
  • Skal også snakke Stavanger-dialekt.
  • Merk e-post med SOLVEIG LL3

Dette må sendast med e-posten:

  • Fullt namn og etternamn. For dei under 18 år også fullt namn på ein føresett.
  • Mobilnummer
  • Fødselsdato og -år
  • Høgde
  • Bustad
  • Kort info om barnet/ungdomen
  • Legg ved eit bilete som er så nytt som mogleg. Det fungerer heilt fint å ta med mobil. Namngi biletet med personen sitt fulle namn.

Les meir om Lykkeland