NRK Meny
Normal

Vil kalle Navarsete inn på teppet

Høgre ber samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) møte i Stortinget for å orientere om tunnelskandalen i Vestfold.

Liv Signe Navarsete
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Måndag blei to arbeidarar skadd under arbeid i den stengte Hanekleivtunnelen i Sande.

- Eg vil be om at samferdsleministeren og vegdirektør Olav Søfteland kjem til Stortinget og orienterer om saka, seier Trond Helleland (H) i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite til NTB.

Høyring eller orientering

Helleland meiner det kan skje i ei høyring eller ei orientering for Stortinget eller transportkomiteen.

Han understrekar at Navarsete må møte i Stortinget denne veka ettersom ekstraløyvinga i revidert nasjonalbudsjett til tunnelsikring i Vestfold blir handsama i komiteen.

Mykje er uklart

Helleland vil spørre om det vil vere behov for meir penger til sikringsarbeid enn dei 350 millionane som regjeringa foreslår, og om arbeidsulykka måndag vil føre til at sikringsarbeidet blir forsinka.

- Mykje er uklart i denne saka og eg ventar at samferdsleministeren kan gjere greie for det, seier Helleland.

Han vil ta opp forslaget i eit møte i transportkomiteen tysdag ettermiddag.