Hopp til innhold

Målar Tollbugata i regnbogens fargar

Onsdag vart delar av Tollbugata i Drammen dekorert med ein regnboge i anledning pride.

Ordfører Monica Myrvold Berg i Drammen er med på å farge Tollbugata i regnbuens farger.

Tollbugata i Drammen er farga i regnbogens fargar.

Foto: Anders Haualand / NRK

I juni vedtok kommunestyret i Drammen at ein del av Tollbugata skulle målast i tide til den lokale pride-markeringa.

Onsdag denne veka vart plater med termoplast smelta fast i asfalten.

50 meter med regnboge

Den ferdige regnbogen strekkjer seg om lag 50 meter frå Strømsø torg og innover den mykje brukte gågata.

Drammens-ordførar Monica Myrvold Berg (Ap) var ein av dei fyrste til å sjå det ferdige resultatet.

Ordfører Monica Myrvold Berg i Drammen er med på å farge Tollbugata i regnbuens farger.

Ordførar Monica Myrvold Berg legg ned ei stripe med gul termoplast.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Det er så vakkert! Tenk at me får til denne pridegata her, midt i hjartet av Drammen. Eg er skikkeleg stolt, seier ordføraren.

Regnbogen har kosta kommunen kring 500.000 kroner, og blir verande som ein permanent del av Tollbugata også etter at Drammen pride er over.