Laurdag føremiddag deltok stortingspresident Masud Gharahkhani i minnegudstenesta i Oslo Domkirke for å markere at det er 12 år sidan terrorangrepet 22. juli.
– Det brutale angrepet på demokratiet må me aldri gløyme, og me må hugse å dele det med nye generasjonar, seier Gharahkhani.
Han seier at seremonien i Oslo Domkirke var flott og verdig, og at tankane hans går til alle dei berørte.
Prest i Trefoldighetskirken Pål Kristian Balstad (t.v.), kunnskapsminister Tonje Brenna, Per Anders Langerød (Ap)(t.h. for Brenna), leder for FRI Inge Alexander Gjestvang (t.h. for Langerød) og stortingspresident Masud Gharahkhani (t.h.) under minnegudstenesta i Oslo Domkirke, 12 år etter terrorangrepet 22. juli 2011.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTBEi grufull påminning
– Dette er ein tøff dag for veldig mange, seier han.
Stortingspresidenten seier han blir opprørt av å høyre om truslane og dei hatefulle ytringane dei unge som overlevde Utøya er blitt utsette for.
– Angrepet var ei grufull påminning om at me aldri må slutte å kjempe for meinings- og ytringsfridom.
Gharahkhani var blant talarane under markeringa, saman med kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).