NTB har gått gjennom dommane frå NFFs doms- og sanksjonsutval, og dei viser ein markant auke frå same periode i 2023. I fjor vart det til og med 1. september skrive ut 16 bøter på i alt 495.000 kroner for ulovleg bruk av bluss, fyrverkeri, røykboksar eller andre typar pyrotekniske artiklar.
I slutten av juni i år fekk Norges Fotballforbund (NFF) innvilga dispensasjon til avgrensa bruk av pyro på tribunane. Det har ikkje sett ein stoppar for uregelmessig pyrobruk.
NTB får stadfesta frå NFF at auken i bøter ikkje kjem av innstrammingar i regelverket, men rett og slett ein auke i talet på pyrosaker.
– Auken i talet på sanksjonssaker kjem mellom anna av omfattande og koordinerte VAR-protestar i sommar, seier kommunikasjonssjefen i forbundet Yngve Haavik til NTB.
15 klubbar bøtelagde
Det skal nemnast at det i denne artikkelen berre er teke omsyn til bøter som gjeld bruk av pyro, ikkje andre tribuneepisodar som tilrop eller kasting av tennisballar. Enkelte av bøtene gjeld rett nok saker med dårleg åtferd der pyrobruk var ein del av episoden.
Årsaka til at perioden frå sesongstart til og med 1. september er brukt i samanlikninga, er at NFFs doms- og sanksjonsutval ikkje har gjort avgjerder i pyrosaker frå etter dette tidspunktet i år.
Medan åtte klubbar vart bøtelagde for ulovleg pyrobruk i 2023, har talet auka til 15 ulike klubbar i år. Haavik i NFF meiner likevel at pyroteknikk ikkje har vorte meir utbreidd i fleire klubbar frå i fjor til i år.
– Vi ser at auken i talet på pyrosaker primært kan skuldast eit mindre tal klubbar som står for ein større del av sakene, snarare enn at pyroteknikk har vorte meir utbreidd mellom anna klubbar samanlikna med i fjor, seier han.
Vålerenga på bot-toppen
Supporterane til Oslo-klubbane Vålerenga (seks bøter) og Lyn (fire) utmerker seg som dei som oftast synder mot tribuneregelverket.
Vålerenga var også blant verstingane i 2023.
Dette er klubbane som har fått pyrobøter for regelbrot frå sesongstart til og med 1. september:
2024:
* Vålerenga: 6 bøter på i alt 265.000 kroner
* Lyn: 4 bøter på i alt 115.000
* Rosenborg: 2 bøter på i alt 85.000
* Viking: 2 bøter på i alt 60.000
* Haugesund: 2 bøter på i alt 40.000
* Sarpsborg: 1 bot på 120.000
* Tromsø: 1 bot på 30.000
* Arendal: 1 bot på 25.000
* Start: 1 bot på 20.000
* Bodø/Glimt: 1 bot på 15.000
* Kristiansund: 1 bot på 15.000
* Strømsgodset: 1 bot på 15.000
* Molde: 1 bot på 10.000
* Raufoss: 1 bot på 10.000
* Nardo: 1 bot på 4.000
2023:
* Lillestrøm: 4 bøter på i alt 155.000 kroner
* Vålerenga: 3 bøter på i alt 115.000
* HamKam: 3 bøter på i alt 80.000
* Rosenborg: 2 bøter på i alt 55.000
* Brann: 1 bot på 40.000
* Fredrikstad: 1 bot på 20.000
* Stabæk: 1 bot på 20.000
* Lyn: 1 bot på 10.000
(NPK)