Driftsresultatet for 2008 vart på 1,122 milliardar. Det er 326 millionar meir enn i 2007.
Les:
Les også:
Konsernsjef Walter Qvam i Kongsberg Gruppen.
Foto: Kongsberg Gruppen- Vi har jobba hardt gjennom heile året, og det kjennest godt å legge fram tal som viser at det har gitt resultat, seier konsernsjef Walter Qvam i Kongsberg Gruppen.
Konsernet har også over tusen fleire tilsette no enn for eit år sidan.
Mange bein å stå på
Kongsberg Gruppen lever utstyr til olje/gass, fiskeri, romfart, shipping og ikkje minst til Forsvaret. Det at konsernet leverer til så mange ulike område, gjer at dei står sterkt i ei tid der industrien ellers slit, seier Qvam.
Kongsberg Maritime AS bidrog mest.
Kongsberg Maritime, som leverer produkt til oljeindustrien, hadde aleine eit driftsresultat på nesten 700 millionar kroner. Bedrifta var av dei bedriftene som bidrog mest til rekordresultatet.
- Me går ei krevjande tid i møte, men er likevel ikkje redd for at marknaden skal svikte, seier adm.dir . i Kongsberg Maritime AS, Torfinn Kildal.
Usikker framtid
Konsernsjefen er likevel usikker på korleis det vil sjå ut mot slutten av dette året. - Me er såkalla seinsykliske, det vil si at det fortsatt er oppgang på det me leverer. Dermed merkar me finansuroa seinare enn anna industri. Blir krisa i finansverda langvarig, vil nok også me merke det, seier Walter Qvam.