Hopp til innhold

Radarstyrte gatelys føler bilane når dei kjem

Radarteknologi som oppdagar bilane på veg forbi sparar fleire tusen kilowattimar med straum kvar veke. Langs Tyrifjorden har dei fått landets lengste strekning med automatiske veglys.

Radarstyrte gatelys sparar straum.

På fylkesveg 155 langs Tyrifjorden forbi Utøya har det vore mørkt lenge.

Nå har dei fått gatelykter, men vegen lyser ikkje opp før det faktisk kjem bilar køyrande på vegen.

– Nå kjem det jo ein bil mot oss. Da vil desse grå boksane merke rørsla som kjem imot, og tenne lyktene, forklarer overingeniør Ottar Bjørnstad i Statens vegvesen der han står i ei busslomme ved vegen.

Bjørnstad og Fredheim

Overingeniør Ottar Bjørnstad og byggeleiar Ståle Fredheim i Statens vegvesen følger med på om lysa fungerer som dei skal.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK

Sparar 2100 kilowattimar

Dette er landets lengste strekning med radarstyrte gatelys. I ni kilometer bortover blir mastene fyrst tent når ein bil dukkar opp. Når det ikkje er bilar på vegen blir lyset automatisk dimma ned til 20 prosents styrke.

– Desse radarane har ein kommunikasjon som gjer at dei blir tent fem master før bilen, når bilen har passert blir lyset dempa ned til eit minimum fire-fem lyktestolpar bak bilen, forklarer Bjørnstad.

Radar på lysmast

Denne radaren føler når bilen nærmar seg.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

På ein lite trafikkert vegstrekning som denne sparer ein mykje straum på radarstyrte lyktestolpar.

Anlegget har vore i drift ein månad og kvar veke har ein spart 2100 kilowattimar.

Vil vere nedbetalt på fire år

Det vil også seie at investeringa vil vere nedbetalt i løpet av fire og eit halvt år, ifølgje vegvesenet.

– Ein kan spare veldig mykje på veglys. 76 prosent av tida har lyktene vore dimma ned til 20 prosent, fortel byggeleiar i Statens vegvesen, Ståle Fredheim.

Lisbeth Reinhardtsen Larsen

Lisbeth Reinhardtsen Larsen synest det har blitt mykje enklare å køyre på vegen etter at dei moderne veglysa kom.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Lisbeth Reinhardtsen Larsen har køyrd på denne vegen langs Tyrifjorden i Hole i snart fem tiår. Ho er begeistra over lyktene som blir tent når ho kjem køyrande.

– Eg skryter av det til alle eg kjenner. Det har blitt mykje enklare å køyre på vegen. Du ser langt framover og ser det lyser opp. Eg likar at ein sparar straum på det, det er veldig bra, seier Larsen.

Vegvesenet vurderer også om dei kan spare endå meir straum. Dei vurderer å redusere styrken til 80 prosent når bilane køyrer forbi.

Radarstyrte gatelys på Fylkesveg 155

Til venstre ser du fylkesvegen rett etter at ein bil har passert, til høgre nokre sekund seinare. Radarteknologien oppdagar bilane og justerer lyset deretter. Det nærmaste gatelyset står på heile tida fordi fotografen rører på seg.

Foto: Idar Hole Krogstad / NRK