Hopp til innhold

Pilleriin såg redningshelikopteret fly forbi sju gonger

Pilleriin Mägi gjekk 26 timar i fjellet medan leiteaksjonen stod på for fullt. «Helvete heller, eg kan ikkje døy her no», tenkte ho.

Pilleriin Mägi gjekk seg vill på Hallingskarvet.

Flaks og pågangsmot er grunnen til at Pilleriin Mägi sit der ho sit i dag.

Foto: Caroline Utti / NRK

Fleire helikopter, hundeekvipasjar og leitemannskap frå «alle etatar» jobbar på spreng. Det er meldt heftig vind, regn og snødrev over Hallingskarvet i timane som kjem.

Pilleriin Mägi er på sin fyrste fjelltur.

– Eg heldt på å gje opp fleire gonger. Men samstundes tenkte eg «nei, eg kan ikkje døy her no. Det ville vore både flaut og dumt». Eg skjønte at eg berre måtte fortsette å gå. Det vart ei 26 timar lang, hard treningsøkt.

Laurdag 2. oktober: Pilleriin bestemmer seg for å bruke fridagen sin til å utforske fjella kring Geilo. Ho har beundra Hallingskarvet på avstand, men no vil ho sjå utsikta frå toppen.

– Eg tenkte at det var lett å gå til topps og ned att.

Turen skal vise seg å bli langt meir strabasiøs enn ho nokon gong kunne sett for seg.

Pilleriin let seg freiste av spennande natur og flotte haustfargar.

Hallingskarvet, oktober 2021.

Ho går lenger og lenger, og tenkjer ikkje over at vêret er i ferd med å skifte.

Så skjønar ho at ho har gått seg vill.

Hallingskarvet, oktober 2021.

Pilleriin ringjer nødetatane for å be om hjelp.

Så går mobilen hennar tom for straum.

Hallingskarvet, oktober 2021.

– Dei bad meg bli der eg var. Så vart linja broten. Og eg fekk panikk, fordi det begynte og blåse og vart kaldt. Så eg gjekk vidare, sjølv om dei sa eg skulle vente.

Samstundes sett politiet i gang ein større leiteaksjon. Både redningshelikopter og luftambulanse blir kalla ut. Det same gjeld mannskap frå Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske Redningshunder.

Leiteaksjon, Hallingskarvet 02.10.21.

Leiteaksjonen vart styrt frå Røde Kors-basen på Geilo.

Foto: Reidun Eidsvig / Norske Redningshunder

Pilleriin ser helikopteret når det kjem.

Problemet er berre at ho ikkje er der ho skulle ha vore. I tillegg har vêret og sikten blitt dårlegare, og Pilleriin har verken refleks eller lykt. Leitemannskapa ser henne ikkje.

– Dei flaug forbi meg sju gonger.

Hallingskarvet ser kanskje gjestmildt ut i klarvêr. Men platået er stort, ulendt og omgitt av fleire bratte skrentar og stup. Somme stader ligg det snø og is heile året.

Krevjande leiteaksjon

– Det begynte å regne, og etter kvart vart det mørkt. Eg fann det eg trudde var ein god stig, før eg mista han att. Etter kvart vart eg så sliten at eg begynte å miste balansen. Eg sklei fleire gonger, og skrapa meg opp på kratt og steinar.

I mellomtida held leiteaksjonen fram.

  • Leiteaksjon, Hallingskarvet 02.-03.10.21.

    Medan Pilleriin famlar rundt åleine, blir leitemannskap flydd opp på fjellplatået der dei fortsett søket til fots.

    Foto: Vegard Grue Tufte / Geilo Røde Kors
  • Leiteaksjon, Hallingskarvet 02.-03.10.21.

    Forholda er krevjande, med vekslande vêr og tidvis dårleg sikt.

    Foto: Vegard Grue Tufte / Geilo Røde Kors
  • Leiteaksjon, Hallingskarvet 02.-03.10.21.

    Leiteaksjonen fortsett gjennom natta, men utan hell.

    Foto: Vegard Grue Tufte / Geilo Røde Kors

Det blir ei lang natt. Pilleriin er både kald og våt, men skjønar at ho må halde seg i bevegelse for ikkje å fryse i hel.

– Eg har ei fem år gamal dotter, heime i Estland. Så eg tenkte på henne, og at livet mitt berre så vidt er i gang. «Helvete heller, eg er berre 36 år».

Leiteaksjon, Hallingskarvet 02.10.21.

Både politi, luftambulanse, redningshelikopter og frivillige mannskap deltok i den storstilte leiteaksjonen på Hallingskarvet sist helg.

Foto: Reidun Eidsvig / Norske Redningshunder

Ho held motet oppe, trass alle odds. Og det betalar seg, tidleg sundag morgon. Etter å ha gått heile natta, kjem ho endeleg inn att på ein merkt turstig.

– Eg kom til eit kryss med to skilta stigar, og valde den som såg mest brukt ut. Det måtte vera noko i enden, tenkte eg. Så såg eg hus.

Rundt klokka 10 sundag føremiddag kjem ho endeleg fram. Då har det gått 26 timar sidan ho gjekk heimanfrå.

Pilleriin ringjer naudetatane ved Storesåta, ein av fleire toppar på Hallingskarvet. Derifrå beveger ho seg litt vestover, før ho til slutt finn vegen ned frå fjellet - og endar opp i Sudndalen. Ruta er teikna i luftlinje.

Ambulansen hentar ho i Sudndalen. Pilleriin har altså kryssa fjellplatået og kome seg ned på andre sida - ein tur på drygt 50 kilometer.

– Når eg begynte å tenke over alt eg hadde vore borti i løpet av natta - regn, gjørme, is, bratte stup - så skjønte eg kor heldig eg hadde vore. Legen las opp fjellvettreglane for meg, og då tenkte eg berre «herregud, eg har jo gjort alt det motsette».

Føtene er både hovne og fulle av blåmerke etter drygt 51 kilometer i dårlege sko.

Den strabasiøse turen har resultert i mellom anna frostbitt og rabdomyolyse.

Pilleriin Mägi. Gjekk seg vill på Hallingskarvet. Etter 51 km er føtene framleis hovne og fulle av blåmerke.

Men ho klarar seg - og er mest av alt takknemleg for å vera i live.

Pilleriin Mägi. Gjekk seg vill på Hallingskarvet.

Åtvarar folk mot å vera «blåøygde»

– Det er nok mange som tenkjer som deg, og som undervurderer norsk natur. Kva vil du seie til dei?

– At dei bør førebu seg meir, sørge for at mobilen er fullada og kle seg betre. Og at ein ikkje må vera så blåøygd. Lytt til det erfarne folk fortel deg, og ikkje tru du er «superwoman» og kan klare alt.

– Blir det gitt nok informasjon om kva ein bør gjera og ikkje, og korleis ein bør kle seg i norsk natur?

– Eg trur det er nok informasjon. Problemet er at ein ikkje trur på det, og ikkje tek det seriøst nok. Særleg når ein manglar erfaring sjølv. Norsk natur ser jo ofte roleg og fin ut. Men eg veit betre no - fjellet lærer deg ei lekse.

Pilleriin Mägi. Gjekk seg vill på Hallingskarvet.

– Eg har ikkje vorte redd for å gå i fjellet igjen. Men eg vil nok tenkje meg litt meir om i framtida. Og eg trur eg skal halde meg unna Hallingskarvet, seier Pilleriin Mägi.

Foto: Caroline Utti / NRK