Hopp til innhold

Påkøyrd og drepen i Modum: Politiet etterlyser videoopptak

Politiet er i ferd med å danne seg eit bilde av kva som skjedde da ein mann blei påkøyrd og drepen i Modum torsdag. Nå etterlyser dei videoopptak av ulykka.

Alvorlig ulykke i Modum. En fotgjenger er påkjørt av en buss.

Ein mann i 50-åra omkom etter å ha blitt påkøyrd av ein buss i Modum torsdag ettermiddag.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

– Det kan hende at nokon har filma det som skjedde, for eksempel med dashkamera. Vi er interesserte i alle opptak, uavhengig av avstand og kvalitet, seier etterforskingsleiar Silje Holmin ved Hønefoss politistasjon.

Det var fleire vitne til den tragiske ulykka i Modum torsdag. Ein mann i 50-åra, heimehøyrande i Modum, døydde momentant da han blei påkøyrd av ein buss i Åmot sentrum. Politiet har nå avhøyrt ei rekke vitne i saka.

– Vi har ei oppfatning om kva som kan ha skjedd, men det er for tidleg å seie noko om hendingsgangen. Vi har fleire vitne vi må avhøyre, og det står att tekniske undersøkingar, seier Holmin.

Fotgjenger påkjørt av buss i Modum

Kriminalteknikarar på ulykkesstaden torsdag.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Politiet har foreløpig ikkje tatt ut sikting mot bussjåføren.

– Han har foreløpig status som mistenkt i saka, seier Holmin.

Elevar frå Buskerud vidaregåande skole var passasjerar i bussen, og var vitne til det som skjedde. Dei som hadde behov for det, har fått oppfølging av psykososialt kriseteam og helsepersonell.