Thon døydde på Ullevål sjukehus laurdag 16. november. Han blei 101 år gammal. Han sette sitt preg blant anna innan reiseliv, varehandel og eigedom.
Han var i mange år ein av dei rikaste personane i Noreg.
Sissel Berdal Thon før bisettinga til Olav Thon i Oslo Domkirke.
Foto: Thomas Fure / NTBOnsdag blei han bisett frå ei fullsett Oslo Domkirke. Etter ønske frå enka Sissel Berdal Thon blei det ei open bisetting.
Ho ønskte at flest mogeleg skulle få vere med å heidre ektemannen.
Friluftsmann og samfunnsbyggar
Det var prost Sevat Lappegard, som er nevøen til Olav Thon, som leia bisettinga.
I minnetalen han heldt ved båra, la han vekt på Thon som friluftsmann og samfunnsbyggar.
Han fortalde Thon ofte brukte helgene sine i friluft, anten til fots eller på ski.
– Det er sagt om Olav at ingen har gått så langt på føtene i sitt liv som han. For moro sa han at han meinte han hadde gått tilsvarande fire gongar rundt jorda ved ekvator.
Prest Sevat Lappegard.
Foto: Thomas Fure / NTBHan fortalde også om korleis Thon starta verksemdene sine med pelshandel, før han gjekk vidare til eigedomsutvikling og reiseliv.
– Folk treng møteplassar, meinte Olav. Han trekte gjerne linja frå mellomalderbyens torg til vårt kjøpesterke samfunns behov for møteplassar. Då vart det kjøpesentera, hotell og restaurant.
Olav Thon ble bisatt i Oslo domkirke onsdag 27. november. – Han var et forbilde, sa venn og forlegger Erling Kagge.
Gode minne
Niesa til Olav Thon, Margit Solveig Thon, sende ei siste helsing på vegner av familien. Ho er i dag eigar av familiegarden Thon.
Ho fortalde om då dei i barndommen fekk besøk av onkelen som budde i byen.
– Du kom med liv og latter, med gåver, og du var alltid interessert i det vi dreiv med, og kva planar vi hadde. Du hadde trua på oss, og på at vi kunne lukkast berre vi gjorde innsatsen som måtte til.
I tillegg var det over 100 kransar og blomsterhelsingar i Oslo Domkirke.
Blant dei som sende ei siste helsing i kyrkja, var tilsette og kollegaer ved Olav Thon Gruppen og regjeringa.
Det var også kunstnariske innslag ved Ole Edvard Antonsen, som også spelte då Thon fylte 100 år, og frå Den norske studentersangforening.
Den norske studentersangforening song under bisettinga.
Foto: Thomas Fure / NTB– Ein annleis milliardær
Av dei om lag 800 plassane i kyrkja, er rundt halvparten reservert til spesielt inviterte gjestar, som slepp inn først.
Etter det kan andre som ønsker å vere til stades, få kome inn.
Ole Robert Reitan
Stein Erik Hagen og Atle Brynestad
Forretningsmann Knut Hartvig Johannson.
Høgre-leiar Erna Solberg
Frp-leiar Sylvi Listhaug
Tidligere ordfører i Oslo Fabian Stang
Skuespiller Lise Fjeldstad.
Redaktør Harald Stanghelle
Høgre-leiar Erna Solberg minnest Thon som ein litt annleis milliardær, som har hatt mykje å seie for Noreg.
– Ein ting er at han har bidrege til arbeidsplassar og norsk økonomi, og at han samla rikdommen sin i ei stifting som skal gi til allmennyttige formål. Men han var også ein litt annleis milliardær, som brukte kleda til dei blei slitne, hadde ei lita hytte, og likte å gå lange turar i fjellet.
Forleggar, forfattar og eventyrar Erling Kagge møtte Olav Thon første gong for 48 år sidan. Dei utvikla etter kvart eit tett vennskap, og Thon blei eit forbilde for Kagge.
Onsdag var han blant dei som var med å bere kista ut av Oslo Domkirke, og tok eit siste farvel til ein god venn.
– Det var tungt. Han var ein viktig mann i livet mitt, og i manges liv. Han var ein veldig sjenerøs mann. Han elska kona si og arbeidet sitt. Han har vore ein rollemodell for meg og for mange andre.
Vil feire eit fantastisk liv
Administrerande direktør Ole Robert Reitan i Reitan Retail sa Olav Thon gjorde stort inntrykk på han.
– Han er sjølve beviset på at hardt arbeid lønner seg, og symbolet på å halde beina på bakken. Og du ser på køen her at det er mange som skuldar Olav mykje, som ønsker å vere med å feire eit fantastisk liv.
Også tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland, var imponert over det Thon gjorde og var.
– Eg er imponert over alt han har klart og har fått til. Og det at han likevel er så nær alle menneske han har møtt, er eit eventyr. Det er ikkje mange som kan samanlikne seg med det han har gjort, som var som han, seier ho til NRK før bisettinga.