Det melder Olav Thon Gruppen sjølv i ei pressemelding.
Han døydde tidleg laurdag ettermiddag.
«Det er med stor sorg vi i dag har teke imot bodskapen om at Olav Thon er gått bort. Han blei 101 år gammal», står det i meldinga.
– Våre varme tankar går nå til hans kjære kone Sissel og næraste familie, seier konsernsjef i Olav Thon Gruppen, seier Kjetil Nilsen til NRK.
Olav Thon i 1973.
Foto: NRKOlav Thon hadde næringsinteresser i eit breitt spekter, og var i mange år ein av dei rikaste personane i Noreg.
Eitt av kjenneteikna hans det siste tiåret var ei raud strikkalue, som han begynte å gå med fordi han fraus på hovudet.
Han hadde blant anna næringsinteresser innan reiseliv, varehandel og eigedomsbransjen. Gjennom Olav Thon Gruppen gjorde han store investeringar. I 2013 blei alt samla i Olav Thon Stiftelsen, som er morselskapet i Olav Thon-konsernet.
Olav Thon markerte i 2005 at han endra namnet på eigen hotellkjede frå Rainbow Hotels til Thon Hotels.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB– Ein epoke i norsk næringsliv er over no som Olav Thon har gått bort, skriv statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.
– Thon var ein eineståande forretningsmann som skapte næring og arbeidsplassar både i og utanfor Noreg. Men han var også ein som aldri gløymde sine røter til Hallingdal og norske lokalsamfunn, legg statsministeren til.
Også Støre nemner den raude strikkalua Thon var så kjent for.
– I dag går tankane mine til hans næraste, avsluttar statsministeren.
Sjå nyheitssendinga ved bortgangen til Thon.
– Ein stor mann har gått bort
Sissel Berdal Haga Thon var gift med Thon sidan 2019.
– Vi heldt kvarandre i handa, som vi jo gjorde heile tida. Olav fekk høyre litt vakker musikk, og så plutseleg blei han borte. Det var så vakkert, seier enkja til DN.
– På sjukehuset fekk han det stellet og den behandlinga han trong, men det var jo ikkje meir enn to veker sidan han var i full vigør då det eldste barnebarnet hadde konfirmasjon. Olav heldt ut i fire timar, og syntest det var så stas. Han har vore så klar og gledd seg over livet, seier ho vidare til DN.
Før dette var Thon gift med Inger-Johanne Thon.
Olav Thon og kona Sissel Berdal Haga Thon under feiringa av hans 100-årsdag, juni 2023.
Foto: Martin Solhaug Standal / NTBAdvokat John Christian Elden har vore god venn av Thon i fleire år. I ein kommentar til NRK, skriv Elden at ein stor mann har gått bort.
– Han har blitt pleia med kjærleik frå kona Sissel og har halde ut lenger enn nokon kunne forvente. Vi har avtalt vår årlege julemiddag om eit par veker, og alle gleda seg. Legenda vil leve vidare, sa Elden.
Ein annan hotellkonge, Petter Stordalen, skriv i eit innlegg på Facebook at Thon var ein pioner.
– Ein visjonær og ein legende i norsk næringsliv. Han bygde eit imperium og gav tilbake til samfunnet med like stor styrke som han skapte verdiar, skriv Stordalen.
Han seier Thon var ein inspirasjon for alle som drøymer stort.
– Takk for at du var den beste konkurrenten eg nokosinne kunne ha bedt om. Kvil i fred, Olav.
Bilde frå 2000, bygging av Rainbow Hotel Opera i Bjørvika, bygget av Olav Thon, før han endra namnet på hotellkjeda til Thon.
Foto: Knut Falch / NTBFinansminister Trygve Slagsvold Vedum seier i ein kommentar til NRK at Thon var «hallingdølen som sette varige spor».
– Han var både original og inspirerande for mange. Thon skapte store verdiar og lèt etter seg eit imponerande livsverk.
Olav Thon fekk i 2003 St. Olavs Orden for si lange innsats innan norsk næringsliv.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTBStarta med skinnhandel
Thon blei fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal på familiegarden Søndre Thon. Planen var at han skulle studere medisin, men andre verdskrigen sette ein stoppar for studium i utlandet.
Han starta i staden oppdrett av pelsdyr på garden, og skinnhandel i Hallingdal. Han reiste etter kvart til hovudstaden, der han opna pelsbutikk då han var 18 år.
I 1950 gjorde Thon si første investering i eigedom i Oslo, som blei starten på karrieren som investor.
Thon Eiendom leiger blant anna ut butikklokale, lagerplassar, leilegheiter og kontorlokale i Noreg og Sverige, men også fleire andre land.
Olav Thon fotografert i 1970, hoppande over ein bekk ved hytta si ved Tjernslivannet på Sollihøgda.
Foto: Aage Storløkken / NTBSatsa på hotell
I 1974 kjøpt Thon Hotel Bristol i Oslo, som blei starten på investeringar i reiselivet. 15 år seinare etablerte han hotellkjeda Rainbow Hotels. Målet var å tilby rimeleg overnatting ved sentralt plasserte hotell.
Utover 1990- og 2000-talet kjøpte selskapet opp hotell i Noreg og fleire stader i Europa. I 2005 bytte kjeda namn til Thon Hotels.
I 2020 eigde kjeda over 70 hotell i Europa.
Olav Thon var i fleire år ein av dei rikaste personane i Noreg. Her er han saman med forretningsmannen Stein Erik Hagen i samband med årstalen til sentralbanksjefen i 2018.
Olav Thon var glad i friluftsliv, og støtta i fleire år Den Norske Turistforening med pengar. På bildet er han avbilda på hytta si på Sollihøgda i 1970.
I samband med 80-årsdagen i 2003 blei Olav Thon tildelt St. Olavsorden for innsatsen sin for norsk næringsliv. Dei tilsette gav han ei byste laga av kunstaren Per Ung.
I 2019 gifte Olav Thon seg med Sissel Berdal Haga på Bristol Hotel i Oslo. Han gav henne æra for den fargerike klesstilen Thon etter kvart blei kjent for.
Delte ut pengar
Olav Thon var glad i naturen, og i 1990 etablerte han ei stifting som hadde som mål å støtte Den Norske Turistforening og fremje turar i fjellet.
Samarbeidet mellom Thon og DNT held fram.
Pengane frå stiftinga blir blant anna brukt til å bygge, innreie og halde ved like hytter, og til merking og vedlikehald av rutenett.
I 2013 samla Thon store delar av formuen si i Olav Thon Stiftelsen, som gir bort pengar til velgjerande og samfunnsnyttige formål. Kvart år deler dei ut fleire millionar kroner til forskingsprosjekt, institusjonar og personar.
Stiftinga er også morselskapet i konsernet, og forvaltar alle aksjeselskapa Thon var med å bygge opp.
Han snakkar ikkje så gjerne i offentlegheita, Olav Thon. I denne praten frå november 2017 fortel Olav Thon ope om livet, leiing og lada.