Hopp til innhold

40 prosent av ukrainarar er i jobb: – Det tar litt lengre tid enn det vi hadde fått signalisert

Krystyna er éin av dei mange tusen ukrainske flyktningane som har fått seg jobb her i landet. I dag jobbar ho som karriererettleiar i Drammen.

Krystyna Eminian kom til Norge fra Ukraina for tre år siden. I dag jobber hun som karriereveileder i Drammen.

Kvar dag rettleier og hjelper ho menneske som søker jobb. Ho veit kvar skoen klemmer etter å ha vore i same situasjon sjølv.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Det har vore mange barrierar. Skikkeleg vanskeleg. For å sleppe å sitte heime med tankar om kva som skjer med landet mitt, med vennene mine og familien, og for å vere ei god mor, så måtte eg gjere noko.

Krystyna Eminian sammen med søsteren Aida i Kiev i 2021.

Krystyna Eminian saman med søstera Aida i Kyiv sentrum i januar 2022. Berre nokre veker seinare forlét begge Ukraina på grunn av krigen.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Det seier 34 år gamle Krystyna Eminian.

Ho kom til Noreg saman med sonen sin på fem år, berre nokre få dagar før krigen i heimlandet braut ut.

Og ho ville komme seg fort ut i jobb da ho kom til Noreg.

Språket var ein brems

40 prosent av ukrainarane som kom til Noreg for tre år sidan, er i dag i jobb. Det viser nye tal frå Nav.

I Buskerud er 44 prosent av ukrainarane i jobb. Fylket toppar statistikken, saman med Troms og Nordland.

Les også Gründer: – Kva skulle eg gjort utan dei?

Kristin Dahle holder rundt sine ukrainske medarbeidere Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova på kjøkkenet i Kafeen på Turufjell. De smiler alle sammen.

I dag har nesten 80.000 ukrainarar mellombels kollektivt vern her i landet, og nyleg vedtok regjeringa å forlenge perioden med eit fjerde år.

Eit slikt vern gir ikkje grunnlag for permanent opphald, men gir dei rett til å jobbe i Noreg.

Og det har vore målet til regjeringa heile tida; at dei skal raskt ut i jobb.

Men språket var ein brems for Krystyna i byrjinga.

Krystyna Eminian fra Ukraina, har bodd i Norge i tre år. I dag jobber hun som karriereveileder i Drammen.

I tre månader har Krystyna jobba som karriererettleiar; ein jobb ho stortrivst i.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Les også Vil ha ukrainere raskere i jobb: - Jeg håper jeg kan være et eksempel for andre

Flere ukrainere i jobb

Jobbar hardt for å lære seg norsk

Stine Myrholm Andersen, fagveileder for flyktninger hos Nav i Drammen.

Stine Myrholm Andersen er fagrettleiar for flyktningar hos Nav i Drammen.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Språkkravet hos mange arbeidsgivarar gjer at det er nokre avgrensingar for å få jobb.

Det seier Stine Myrholm Andersen. Ho jobbar som rettleiar for flyktningar hos Nav i Drammen.

– Det er heilt avgjerande at ein har eit tilstrekkeleg norsk språk for å kunne bli tilsett, forklarer ho.

Krav om gode norskkunnskapar

Sidan Krystyna er utdanna sjukepleiar, jobba ho i byrjinga i heimetenesta i Drammen. Ho tok òg vakter på sjukehuset.

Men for at Krystyna skulle å ein fast jobb i helsevesenet i Noreg, må ho kunne norsk på det som blir kalla B2-nivå.

Denne prøva bestod ho i mars 2023. Men sjukepleiarutdanninga frå Ukraina blei ikkje godkjent her i landet.

Stine Myrholm Andersen og Mehmet Safak jobber hos Nav i Drammen.

Stine Myrholm Andersen og Mehmet Safak seier Nav prøver å hjelpe med ein jobb som er relevant for utdannings og tidlegare arbeidserfaring.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Les også Nav er storfornøyd med ukrainsk helsehjelp: – Vinn-vinn-situasjon

Klara (102) er en av beboerne på Eikertun helsehus som jevnlig får besøk av den ukrainske flyktningen Ina Chaika

Har tatt lengre tid enn Nav først trudde

Det har ikkje gått fullt så fort å få ukrainarar ut i jobb som Nav først tenkte.

Mehmet Safak, avdelingsleder hos Nav i Drammen.

Avdelingsleiar Mehmet Safak hos Nav i Drammen.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

– Det tar litt lengre tid enn det vi hadde fått signalisert frå myndigheitene, seier Mehmet Safak som er avdelingsleiar hos Nav i Drammen.

– Vi trudde at når dei hadde ei høgskuleutdanning, så var det berre rett ut i jobb. Men det tar tid, legg han til.

Må avklare forventningane

– Det gjeld å ha avklart forventningane om kva det betyr å komme raskt ut i jobb. Det er kjempeviktig at vi snakkar om at jobb er jobb, og lønte arbeid er det som er det viktigaste, seier Myrholm Andersen i Nav.

Nav prøver å hjelpe til med å finne ein jobb som er relevant i forhold til utdanninga og tidlegare jobb i Ukraina.

– Om ein er tannlege, så er det kanskje mogleg å vere tannsekretær eller jobbe på eit tannlegekontor, fortel ho.

Hos Ifront karriere i Drammen kommer arbeidssøkere for å få hjelp til å søke jobber.

På arbeidsplassen i Drammen festar Ifront ei stjerne for kvar arbeidssøkande som lykkast med å skaffe seg ein jobb.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Fornøgd med sitt nye liv

I dag, berre tre år etter at Krystyna kom til Noreg, er ho fornøgd med den nye kvardagen sin i Drammen og ho er ikkje så sikker på at ho vil tilbake til Ukraina.

– Eg skulle gjerne det, dersom det kjem ei god jobbmoglegheit. Men samtidig så har eg barn som trivst her. Og eg har fått ein kjærast her, fortel ho.

Nataliia Orlova er selv flyktning. Nå hjelper hun andre flyktninger å finne bolig.

Flyktningen Nataliia bosetter andre flyktninger: – Noen ganger gråter jeg i mitt hjerte

Flere nyheter fra NRK Buskerud

en mann som snakker med en kvinne: kvinnen løfter hendene opp mot øynene

Tvangsflyttes etter å ha bodd her i 50 år: – Som et slag i ansiktet

En bygd i dalen

Her er dei best i Noreg til å få flyktningar i jobb