Under flaumen kom det inn vatn i pumpeanlegget i Rollag som øydela det tekniske utstyret, skriv Lågendalsposten.
Nå får folk i Rollag vatn frå det gamle vassverket som er infisert med e-colibakterier og coliforme bakterier.
- Dei må difor koke drikkevatnet, seier fungerande teknisk sjef Knut Landsverk.
Han fortel at dei nå jobbar med å klorbehandling av vassverket og leidningsnettet.