Hopp til innhold

Fungerer reglane om bandtvang?

Nei, meiner Lars Slettemoen. I fjor mista han fem sauer i hundeangrep på fjellbeite. Geilo-bonden håpar nokon snart tek ansvar, og oppdreg hundeeigarane. Kva meiner du?

Blodig søye står i ei elv etter hundeangrep

Skadd søye etter hundeangrep på Geilo.

Foto: Lars Slettemoen / Privat

  • Sei di meining nedst i saka.

Under Hallingskarvet finn me eitt av dei beste beiteområda i landet. Her går sauene til Lars Slettemoen heile sommaren. Dette er og eit svært populært turområde.

Sauer i drift langs Hallingskarvet

Sauedrifta på veg inn i dei næringsrike beiteområda under Hallingskarvet.

Foto: privat

Livredde sauer

Dei siste somrane har noko skjedd. Utover beitesesongen blir sauene urolege og skvetne.

Lars Slettemoen i sauefjøset

Lars Slettemoen er sauebonde på Geilo.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Slettemoen trur dei er traumatiserte etter møte med hund. Han merkar det spesielt under sauesankinga om hausten. Dei er til og med redde si eiga livvakt, gjetarhunden.

Sjå video av søya som kjempar for livet:

Den vettskremde søya held på å drukne. Lamma står på land og ser på.

Saue-eigaren er hjelpelaust vitne til at sauen hans blir tyngre og tyngre i vatnet.

Respekterer ikkje lova

Av omsyn til både vilt og beitedyr, har Hol kommune utvida bandtvang frå 1. april til 31. oktober. Det har visst ikkje alle fått med seg.

Sveip og sjå kva hundeangrepa i fjor førde til:

Lars Slettemoen sitter i stua og ser på bilder av skadd sau på telefonen sin

Lars Slettemoen har dokumentert hundeangrepa på telefonen sin.

Drukna søye i et fjellvann

Denne søya vart jaga på vatnet i Sudndalsfjorden nord for Hallingskarvet. Lammet hennar kom til rette under sauesanken.

Blodig sau etter hundeangrep

Denne sauen overlevde. Hunde-eigaren tok på seg skulda og betalte erstatning for meirarbeid og utgifter. Hunden vart ikkje krevd avliva.

Sau skadet i hodet etter hundeangrep

Dette lammet hadde feber og måtte avlivast nokre dagar etter at ein schæfer vart observert i saueflokken. Eit anna lam var allerede drept. Det lykkast ikkje å få tak i eigar av hunden.

– Det hjelper ikkje med bandtvang når lova ikkje blir respektert.

Slettemoen trur mange ikkje veit kvifor hunden må gå i band.

– Har du hund, må du forstå alvoret og vite konsekvensane av å bryte bandtvangen.

Han ønskjer seg eit fjelloppsyn som kan jobbe med informasjon og halde auga med ferdselen. Og meiner at dette er kommunen sitt ansvar.

Hallingskarvet med hyttegrend på Geilo i forgrunnen

6000 hytter har Hallingskarvet nasjonalpark som turterreng.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ordførar Petter Rukke (Ap) ser problemet. Stadig fleire ferierer i fjellkommunen. Dei siste åra er det bygd hytter i eit rasande tempo. Han vil likevel ikkje ta på seg ansvaret aleine.

Ordførar Petter Rukke (Ap) i Hol (2022)

Petter Rukke (Ap) har vore ordførar i Hol sidan 2015.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Informasjon er viktig, men det må vera eit generelt samfunnsansvar.

Hyttekommunen Hol er ikkje aleine om å vera plaga med lausbikkjer som jagar vilt og beitedyr. Ordføraren ønskjer ein større debatt om temaet.

Uviss framtid

I mange år har jordbruk og turisme gått hand i hand i Hol, men no ser Slettemoen at dette ikkje går lenger.

– Eg er redd beitenæringa sakte men sikkert forsvinn frå heile hyttenorge.

Frå kommande sommar flytter han sauene frå fjelleigedomen sin til eit beiteområde han har leigd lenger unna Geilo. Han orkar ikkje lenger ha dyra sine i det trafikkerte turområdet.

Ring politiet

Landbruks- og matminister, Sandra Borch (Sp) 2023

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp)

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Alle lovbrot kan meldast til politiet, også brot på bandtvang.

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) er tydeleg på at politiet kan gi både bøter og andre sanksjonar til hundeeigarar som ikkje respekterer lova. Kommunane kan også laga eigne forskrifter, både for når og kor det skal vera bandtvang, utover perioden 1. april–20. august.

Meiner du at bandtvangsreglane fungerer, eller har du forslag til andre løysingar? Sei di meining her.