Hopp til innhold

Kva gjer du om du møter på bjørn?

Å møte på bjørn i skogen skjer sjeldan, men det kan skje. Veit du kva du skal gjere?

Brunbjørnen Odin i Namsskogan Familiepark iTrøndelag.

Ikkje all bjørn er bak gjerde, slik som Odin i Namsskogan familiepark her er.

Foto: Kristin Smestad / Namsskogan Familiepark

Denne veka har to bjørnar blitt drepne i Noreg – éin i Buskerud og éin i Trøndelag.

Begge bjørnane var unge hannbjørnar på utvandring. Det er nemleg noko dei gjer når dei skil seg frå mora.

Sjølv om menneske og bjørn sjeldan møter kvarandre, er moglegheita alltid til stades når du går i skogen.

Her er nokre gode råd og litt informasjon, slik at du er betre førebudd til eit møte med bamsefar.

Kor vanleg er det å møte bjørn?

Å møte på bjørn i Noreg er ganske sjeldan, ifølgje professor og veterinær ved Høgskolen i Innlandet, Jon Martin Arnemo.

Ifølgje Rovdata blei det i 2022 påvist 175 brunbjørnar i Noreg. Dei fleste er stort sett rundt grensa mot Sverige.

Viss du ønskjer å møte bjørn, bør du dra til Sverige – dei har ti gonger meir bjørn enn oss.

Jon Martin Arnemo

Jon Martin Arnemo seier ein skal ha flaks for å møte på ein bjørn i Noreg.

Foto: Det Skandinaviske Bjørneprosjektet

Kva skal ein eigentleg gjere om ein møter på bjørn?

Klatre opp i eit tre? Spele død?

Feil.

Viss du kjenner deg trua av ein bjørn eller han byrjar å gå mot deg skal du stå i ro og løfte hendene.

Har du ei jakke eller ein ryggsekk, kan du leggje det framfor deg.

Deretter skal du rygge roleg bakover medan du har augnekontakt med bjørnen.

Ein skal aldri prøve å springe frå ein bjørn, fortel Arnemo.

Den spring 100-meteren på 8 sekund blank, så ikkje eingong Usain Bolt kan springe frå ein bjørn, seier han.

BJØRNEVIDEO: Reindriftssamen Per Anders Bongo fikk fanget bjørnene på kamera da han var å gjette flokken.

Reindriftssamen Per Anders Bongo fekk fanga bjørnane på kamera då han var å gjette flokken. Brunbjørn har ein toppfart på 50–60 km/t.

Er bjørnen farleg?

Ja, ein vaksen bjørn er heilt openbert i stand til å skade eit menneske.

Dei siste 40 åra har det skjedd rundt 30 gonger at ein bjørn har angripe folk i Skandinavia. To av desse angrepa var dødelege – begge i Sverige.

I dei aller fleste tilfella er det ein jaktsituasjon, lause hundar er involverte og bjørnen er skadeskoten i forkant, seier Arnemo.

Kurt filmet da han møtte på bjørnefamilien.

Kurt Are Boine Nikkinen frå Karasjok var roleg då han møtte fem bjørnar, og brukte lyd for å skremme dei bort.

Korleis ser ein kor gammal bjørnen er?

Den enklaste måten er å samanlikne øyra med hovudet til bjørnen.

Har bjørnen små øyre, er det ein stor bjørn.

Har bjørnen store øyre, er det ein liten bjørn.

Det er fordi øyra til bjørnen ikkje veks sjølv om hovudet gjer det.

Jo større bjørnen er, jo mindre ser øyra ut. Dei største hannbjørnane, som kan bli 250–300 kilo, der ser ein nesten ikkje øyra over toppen på hovudet, seier Arnemo.

Den enkleste måten å si hvor stor en bjørn er på, er å se på ørene.

Den enklaste måten å anslå kor stor ein bjørn er på, er å sjå på øyra.

Foto: Jon Martin Arnemo

Kvifor utvandrar unge bjørnar?

Grunnen til at dei svenske bjørnane kjem hit frå Sverige er rein biologi.

Når unge bjørnar blir 1–2 år, skil dei seg frå mora.

Gutane får ikkje lov til å bu heime når dei blir vaksne, så dei utvandrar – til skilnad frå søstrene sine som blir buande i nærområde til mora.

Eg har sjølv vore og bedøvd ein bjørn i Arendal, så dei kan gå heilt dit. Dei går rundt 50 mil i luftlinje i utvandringane sine, seier Arnemo.

Går dei austover i Sverige, vil dei hamne i havet. Derfor går dei vestover mot Noreg.

Bjørnebinne og bjørnunge nært

Bjørnebinner har vanlegvis mellom 100 og 150 kvadratkilometer stort leveområde, medan hannbjørnane har mellom 800 og 1000.

Foto: Ilpo Kojola

Kor ofte skyt vi bjørnar?

Kvart år blir det lagt ut fleire lisensar for å skyte bjørn i Noreg for å regulere bestanden.

I Sverige blir det jakta mykje meir på bjørn, ifølgje Arnemo.

På grunn av ein stadig aukande stamme i Sverige har kvotane der auka. I år ventar ein at talet på lisensar i Sverige passerer 700, seier han.

Utover dette kan skadefelling, altså avliving av eit dyr som gjer skade, bli brukt for å unngå skadar på sau og tamrein.

Viss bjørnen viser åtferd som kan vere ein risiko for menneske, kan Miljødirektoratet også gjennomføre ekstraordinære tiltak.

På midten av 1800-talet var det mellom 4700 og 4800 brunbjørnar i Skandinavia. 3100 av desse levde i Noreg, medan 1650 var i Sverige.

Politiske målsetjingar om at bjørnen skulle utryddast førte til ein rask nedgang i bestanden i begge landa, ifølgje Rovdata.

Les også Bjørn skutt: – Begynte å få en ganske skummel adferd

Brunbjørnen som ble skutt i Rollag 4. juli 2023.

Flere nyheter fra NRK Buskerud