Hopp til innhold

Klagar kreftvideo inn til Forbrukarombodet

Etter at debatten om ein musikkvideo med kreftsjuke kvinner har gått i fleire dagar, blir videoen no meld inn for Forbrukarombodet for å vere kjønnsdiskriminerande.

Førstelektor Runi Børresen ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold er ein av dei fremste ekspertane på eteforstyrringar.

Etter at Aktiv mot kreft lanserte ein musikkvideo kor kvinner som har, eller har hatt, kreft dansar, vil ho at Forbrukarombodet skal vurdere om videoen er kjønnsdiskriminerande marknadsføring.

Runi Børresen

Førstelektor Runi Børresen ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold melder no Aktiv mot kreft sin musikkvideo til Forbrukarombodet, for kjønnsdiskriminerande reklame.

Foto: Privat

– Eg er skuffa over at ikkje fleire deltek i debatten om kjønnsdiskriminering, slik som etter denne videoen blei lansert. Dette er ein sak om marknadsføring, og strategien ein vel å bruke for å fremje helseførebyggande arbeid, seier Børresen.

Ho har delteke i debattar både på radio og TV om saka. Og videoen med dei kreftsjuke kvinnene, som er basert på musikkvideoen "Call on me" av Eric Prydz, er delt og diskutert mange gongar på nettet. Men ho er ikkje nøgd med forklaringa organisasjonen Aktiv mot kreft har gitt for på kva som var ideen bak videoen.

Runi Børresen

Med denne meldinga på sosiale medium starta førstelektor Runi Børresen debatten om Aktiv mot kreft sin kampanjevideo. Hun kalla den 'heilt på trynet'.

Foto: Faksimile fra Facebook

– Eg synast det heile er veldig lite kreativt, alle veit at sex sel. Eg har bestemt meg for å melde musikkvideoen til Forbrukarombodet for kjønnsdiskriminerande reklame. For dette er ein privat organisasjon med profilerte sponsorar, seier Børresen.

– Vi har deseksualisert videoen

Helle Aanesen og Grete Waitz

Helle Aanesen, som starta Aktiv mot kreft saman med Grete Waitz, seier de forventa at videoen ville skape reaksjonar, men meiner den viser kreftpasientar som har hatt stort utbytte av fysisk aktivitet.

Foto: Aktiv mot kreft

Dagleg leiar for Aktiv mot kreft, Helle Aanesen, har debattert mot Runi Børresen i fleire medium dei siste dagane, likevel venta ho ikkje at videoen skulle gå vidare til Forbrukarombodet.

– Eg blir særs overraska. Runi Børresen vil ikkje sjå at dette handlar om noko heilt anna enn å framstille kvinner negativt. Den opphavlege songen "Call on me" hadde ein video med særs sexy dansing og glatte kvinner. Vi har heller deseksualisert videoen, seier Aanesen til NRK.

Interesse langt utanfor Noreg

Kampanjevideoen til Aktiv mot kreft er allereie vist 260 000 gongar sidan lanseringa tidlegare i veka. I kommentarfelta diskuterer folk for og imot påstanden om at videoen er kvinnediskriminerande. Den har vekse langt utanfor Noregs grenser. Dagleg leiar for Aktiv mot kreft, Helle Aanesen skal i dag opptre på australsk morgonfjernsyn for å fortelje om videoen og ideen bak.

– Det handlar om gleda over, og utbyttet av, fysisk aktivitet gjennom sjukdom. Kvinnene stråler ut glede og stolheit, og viser at dei har hatt det gøy under arbeidet med å lage musikkvideoen. Vi har fått overveldande respons frå både kreftsjuke og pårørande, fortel Aanesen.

Det er ikkje inntrykket ein sit att med, meiner førstelektor Runi Børresen.

– Videoen er spekulativ. Mange er einige med meg om at den er kjønnsdiskriminerande, og no får Forbrukarombodet vurdere om dette er brot på lovverket.

Men Aktiv mot kreft står på sitt.

– Videoen vekker oppsikt, og det var og hensikta. Vi gjer det med glimt i auget. Vi ville ikkje lage ein tung, mørk og dyster kampanjevideo om kreft, for dei har det vore mange av, seier dagleg leiar Helle Aanesen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud