Hopp til innhold

Her opnar stortingspresidenten ein utedo: – Viser det beste ved Noreg

Etter 52 år måtte den gamle utedoen ved det populære turmålet Tverken i Drammen gi tapt. Og då den nye sto klar, vart det høgtideleg opning.

Stortingspresident Masud Gharakani og ordfører i Drammen Monica Myrvold Berg åpner den nye utedoen på Tverken i Drammensmarka

Stortingspresident Masud Gharahkhani og ordførar i Drammen Monica Myrvold Berg (Ap) stod for den høgtidelege opninga. Opninga blei markert med å klippe over dopapir.

Foto: Lars Samuelsen

–Den viser det beste ved Noreg, og det er frivilligheit, seier Masud Gharahkhani etter opninga av utedoen. Han meiner doen så solid og god ut.

Har du innvigt doen?

– Nei, hehe...eg tenker neste gang skal eg prøve den. Det er et område eg går mykje turar. Så det blir sikkert sånn at eg kjem til å bruke denne doen i fremtiden, seier han.

Han var også til stades for å markere «Frivillighetens dag».

Forfatter og folklorist Thor Gotaas

Forfattar Thor Gotaas har skrevet bok ut norske utedoar.

Foto: Azad Razaei / NRK

Politisk interesse for utedoar

At ein ny utedo blir innvia av sjølvaste stortingspresidenten, er i god norsk ånd, meiner forfattar Thor Gotaas. Han har skrevet boka «Norske utedoar».

Men stortingspresidenten er langt frå den einaste politikaren som har engasjert seg i utedoar.

Statsminister Einar Gerhardsen bygde sin egen utedo på hytta på Gålå i 1950-åra, og viste den stolt fram da den svenske kollegaen Tage Erlander kom på besøk. Den doen sette han opp sjølv, fortel Gotaas.

Populært turmål

Kvart år blir turmålet Tverken besøkt av 15.000 menneske. Bakkane opp er harde og behovet for ein do kan vere stort når ein kjem på toppen.

Turstedet Tverken i Drammen

Den populære markahytta Tverken har 15.000 besøkjande kvart år.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Men i vinter måtte den gamle utedoen gitt tapt. Den hadde tent trengande markafarar i 52 år. Jubelen var difor stor då den kliss nye utedoen sto ferdig.

Den gamle utedoen på Tverken i Drammen

Den gamle utedoen på Tverken har gjort jobben i 52 år.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Den var sliten. Rett og slett sliten. Ein sklei nesten av dosetet på slutten. Det er ikkje bra, veit du. Det fortel styreleiar i stiftelsen Tverken, Lars Samuelsen.

Men når ein skal fjerne ein utedo, ligg det noko att. Det kan vere krevjande.

– 7500 liter med møkk. Det eit eige fag det der å tømme ein utedo altså, seier frivillig Øyvind Larsen.

– Du kan tenke deg, om du har gått til Glitre i kupert terreng, mykje bruk av dobbelttak så har du ikkje forstopping når du kjem til Tverken altså, seier han.

Frivilligheiten skal få vise seg i marka

– Dette blir så fint at det slår Tverråsen i måneskin! No er det ikkje herredo og damedo lenger, kva kallar du det då? spør Larsen.

Ny utedo på Tverken i Drammensmarka

Den nye utedoen på Tverken er klar til bruk!

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Unisex, trur eg, svarer Sameulsen.

– Me som har vore mykje på Tverken, bruker å ha døra ope for å sjå utsikta. Men på ein travel sundag, anbefaler me å lukke døra.

– Utedoen er alltid open. Det er «den opne dørs politikk». Det er fri bruk, men med vanleg etikette.

Kva er etiketten?

Den nye utedoen ved Tverken i Drammen. To menn prøvesitter den nye doen. Øyvind Larsen og Lars Samuelsen.

Frivillig Øyvind Larsen og styreleiar i stiftelsen Tverken Lars Samuelsen prøvesit den nye doen før den er ferdig.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– At du sjølvsagt tørkar deg godt, hehe. Og at du forlèt doen slik at det ser ålreit ut. Det er viktig, avsluttar Samuelsen.

Også stortingspresident Masud Gharahkhani lét seg imponere av utedoen.

Kjem du til stille opp neste gang ein utedo blir opna?

–Ja, kvifor ikkje? Frivilligheiten betyr mykje for meg, avsluttar han.