Hopp til innhold

Glatte vegar fører til færre ulykker

Det er fleire som skadar seg på tørre sommarvegar enn på speilblankt vinterføre.

Færre ulykker

Det skjer fleire alvorlege ulykker i sommarmånadene enn på vinteren.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Snø, langvarig kulde og hålke har sett mang ein sjåfør på prøve denne vinteren. Likevel er det fleire trafikkulykker på tørre sommarvegar.

I november og desember i år omkom 3 personar i trafikken i Buskerud, medan omlag 50 vart skadd i samband med trafikkulykker. Det er likevel færre samanlikna med sommarmånadene.

Færre alvorlege ulykker

– Me veit at det er fleire alvorlege ulykker i sommarhalvåret enn i vinterhalvåret, seier forskningsleiar ved Transportøkonomisk institutt, Fridulv Sagberg.

Han trur det er to årsakar til dette.

– Når det er glatt, køyrer folk meir forsiktig. Rett nok skjer det mange mindre uhell, men fordi farten er liten, blir ikkje konsekvensane så alvorlege. Ein annan grunn til at det blir færre skadde på vegane om vinteren, er at det rett og slett er fleire som let bilen stå, seier forskningsleiaren.

– Salting nyttar ikkje

Hans Jan Håkonsen

Hans Jan Håkonsen seier at det ikkje nyttar å salte vegane ved minus 10 grader.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Kaldaste desember på over hundre år har gitt konstant glatte vegar på Austlandet. Direktør i Statens vegvesen i Buskerud, Hans Jan Håkonsen fortel at det ikkje nyttar å salte vegane når temperaturen dett ned mot minus 10 grader.

– Det vil tvert om virke mot sin hensikt, og gi endå verre køyreforhold. Dermed blir dei islagte strekningane liggjande og me får glatte vegar. Det einaste ein då kan gjera, er faktisk å sette ned farten.