– Ein gong hadde eg 23 dagar på rad med fotballkampar. Da blei eg sliten, det blei kanskje litt for mange.
Frode Trolsrud Berg viser fram eit kart over Storbritannia med over 200 teiknestiftar rundt om i heile England og Skottland.
For kvar sesong kjem det nye banar ein må besøke, ved at lag anten rykker opp i seriesystemet eller får seg ny stadion. Dermed er Frode nå nede på 197 og manglar fem stadion for å få ei komplett samling.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKSer kampar på nivå 13
Det er dei ti siste åra hans kort samanfatta. Frå 2008 til nå har Frode besøkt det meste som er å finne av fotballstadionar i England og Skottland. Heilt ned til nivå 13.
– Det er ein sær hobby, men det har gjeve meg mykje. Det handlar ikkje berre om fotballen.
Slik kan det sjå ut på nivå 6 i National League South (tidlegare Conference). Her får Frode kryssa av heimebanen til St. Albans City.
Foto: Privat– Men eg føler eg blir særare og særare. Det er greitt å dele bilde frå ein Birmingham-kamp, men når det blir så obskure stader som eg har vore på i det siste, blir det nesten litt spesielt å dele så mykje på sosiale medium, ler han.
Frode er banehoppar. 40-åringen frå Lier som til vanleg er ungdomskulelærar er ein av dei aller beste i landet og står akkurat nå med 197 besøk på den offisielle lista.
På kvar kamp han er på kjøper Frode med seg ei lue. Nå er samlinga på godt over 200 luer.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKHar er ein av 779 nordmenn som har registrert seg på banehopper.com og gjerne ser eit ultralokalt byderby på nivå 6, i staden for å reise til Old Trafford og sjå Manchester United.
Chalky Lane er heimebanen til Chessington & Hook utanfor London. Ein av mange baner Frode besøkte i løpet av dei 23 dagane han var på kamp kvar dag.
Foto: PrivatJaktar på det autentiske
– Du kan kalle det eit slags motsvar til kommersialiseringa av fotballen. Dei er ein form for hipsterar som er på jakt etter det autentiske. Dei ser ned på organiserte turar og ler av dei som ikkje klarer å finne vegen sjølv til stadion, seier idrettssosiolog ved NTNU, Arve Hjelset.
Hjelset har forska på supporterkultur og ser at dei største klubbane har fjerna seg frå fansen. På 20 år har gjennomsnittsalderen til publikum gått opp med 15 år.
– Toppfotballen er ikkje ein arbeidarklassesport lengre. Dei har ikkje råd til å gå på kampar i Premier League. Banehopparane vil finne den engelske fotballen slik den ein gong var. Og blir glade om dei får dei lokale til å tru dei er britiske, forklarer idrettssosiologen.
– Premier League er pengemaskin og stjernedyrking
Trond Fuhre er leiar av supporterunionen for britisk fotball og sjølv ivrig banehoppar. Det er ein svært anglofil gjeng.
Dei fleste banehopparane er i 50 og 60 åra, og mange av dei er single menn. – Mange av dei mest ivrige er single. Det er ikkje enkelt å kombinere med eit familieliv om ein er 8–15 turar til England i løpet av ein sesong.
Foto: Privat– Me er totalt interessert i fotball og ikkje minst den britiske kulturen som ein kjem tett på, når ein er hos klubbar nedover i divisjonane. Der får ein den same kjensla som engelsk fotball var på 70-80-talet da me vaks opp.
– Premier League har blitt ein pengemaskin med ein stjernedyrking som ikkje me set pris på.
Ein viktig del av hobbyen er å planlegge turane til England så godt at ein får med seg flest mogleg fotballkampar på kryss av tvers av fotballøya.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRKFascinert av alt rundt kampen
Heime på Tranby i Lier planlegg Frode sesongens andre fotballtur i september. Mange av banehopparane har opp til 15 turar over «dammen» i løpet av sesongen.
Han innrømmer at han av og til kan stille seg spørsmål om kva han driv med. På ein forblåst stadion i nordaust-England, utan tak, saman med eit par hundre tilskodarar, har han spørt seg kvifor han gjer dette.
Frode har vore på kampar der det så vidt har vore 20 tilskodarar. Her på Whitehawk utanfor Brighton var det litt fleire.
Foto: Privat– Dei gode opplevingane veg opp for dei kalde og triste. Det er fascinasjonen av alt som er rundt kampen. Pubturane og møte med dei lokale.
– Vil du kalle deg ein fotballhipster?
Han dreg på det. Omgrepet er nytt for han.
– Kanskje det er det eg skal kalle meg. Det er eigentleg betre enn banehoppar.
Favorittlaget hans er Tottenham. Men det er ikkje som det ein gong var synest, Frode. – Det er så mykje eg ikkje likar. Agentane rundt, griskheita, spelarane. Heldigvis har dei framleis Harry Kane. Om han blir verande hjelper det veldig.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK