Hopp til innhold

Drammensfjorden reinare enn før

Etter år med utslepp frå industri og bymiljø blir indre del av Drammensfjorden stadig mindre forureina, viser rapportar frå Miljødirektoratet.

Dieselsøl i Drammensfjorden

Rapportar frå Miljødirektoratet viser at det er mindre miljøgifter i Drammensfjorden enn i 2008. Her eit bilete frå ein tidlegare diesellekkasje i fjorden.

Foto: Grenland flyklubb

Den nasjonale handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn omfattar 17 prioriterte fjordområde – inkludert Drammensfjorden.

For å hindre ny forureining frå land til sjø, har det blitt rydda opp ved eigedommar som tidlegare har vore kjelde til forureining i fjorden. Blant anna ved Brakerøya, Tangen og Gilhusbukta.

No viser to nye rapportar at Drammensfjorden blir reinare. I 2014 blei forureininga i vatn og finmassane som ender i fjorden og i fisk undersøkt, skriv Miljødirektoratet på sine nettsider.

– Både Drammenselva og Lierelva fører med seg finmassar som kan dekke til forureining på fjordbotnen. Dersom finmassane er reine, kan vi få stoppa spreiinga av miljøgifter til fisk, skaldyr og anna liv i fjorden. Dette kan erstatte kostbare oppryddingsprosjekt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Konsentrasjonen av miljøgifter i vatn og finmassane som ender opp i fjorden, ser generelt ut til å vere låge, sjølv om tilførslane av miljøgifter framleis er for høge på nokre stasjoner.

Fjorårets undersøkingar av fisk inkluderte miljøgiftnivå i torsk, skrubbe og sjøaure. Nivåa av miljøgifter i fisk har gått ned sidan førre gang de blei undersøkt i 2008.

Blant anna er nivåa av kvikksølv og PCB forbetra i indre fjord, det same er nivåa av dioksin og tinnorganiske forbindelsar.

Flere nyheter fra NRK Buskerud