Hopp til innhold

Mann i 30-åra kritisk skada i ATV-ulykke

Ein mannleg ATV-førar i 30-åra er kritisk skada etter ein trafikkulykke med ein personbil på E16 i Hønefoss.

Trafikkulykke Hønefoss

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar jobbar på staden for å kartlegge årsaksforhold.

Foto: Ole Edvin Tangen

Ulykka skjedde ved avkøyringa til Hvalsmoveien på E16 i Hønefoss. Dei to som sett i personbilen er frakta vidare til akuttmottaket på Ringerike sjukehus for sjekk. ATV-føraren er frakta til Ullevål sjukehus med luftambulanse.

Tek avhøyr på staden

ATV-føraren vart køyrt vekk av ambulanse før politiet kom. Føraren er ein mann i 30-åra. Politiet er no i gang med å hente inn informasjon om ulykka og kan ikkje seie noko om årsaka.

– Me har starta avhøyr på staden og jobbar med å hente inn informasjon. Me vil belyse hendinga så godt me kan no i kveld, seier Merete Kvaal i operasjonssentralen.

Vegen stengt

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar jobbar på staden for å kartlegge årsaksforhold. Vegen vil difor vere stengt nokre timar. Det jobbast no med å skilte for omkøyring, melder Ringerikes blad.