Overlege Lars Borgen ved Drammen sjukehus seier han reagerte med vantru, fortviling og harme då han såg forslaget om å nytte den eksisterande sjukehustomta til nytt sjukehus.
– Stikk i strid med all fersk erfaring frå Ahus (Akershus universitetssjukehus) og sjukehusbygging i Fredrikstad, vel man å byggje eit lite sjukehus på ei lita tomt. Og stikk i strid med erfaring frå Tønsberg, St. Olavs Hospital i Trondheim og sjukehuset i Bodø vel man å bygge medan sjukehuset skal drive vidare samstundes med byggjeprosessen, seier Borgen.
Etter tretti år med utgreiingar, kjøpsprosessar, snuoperasjonar og nye utgreiingar er eit nytt stort sjukehus enno ikkje på plass. Den siste store planen var å nytte Brakerøya til sjukehustomt. Den kan bli for dyr for helseføretaka.
Prosjektorganisasjonen for nytt sjukehus i Drammen anbefaler så at det byggast nytt sjukehus der sjukehuset ligg i dag.
Det skreiv Vestre Viken helseføretak i ei pressemelding tidlegare i mars månad. Dermed fortset spekulasjonane og diskusjonane rundt kvar eit nytt sjukehus skal ligge.
Reagerer med vantru
– Vala prosjektgruppa har lagt fram er mekaniske følger av konsulentane sine berekningar. Faktagrunnlaget er i stor grad basert på kalkylar som har stor uvisse i seg. Likevel legg ein stor vekt på desse, seier overlege Borgen.
– Men dette forslaget kan spare skattebetalarane for milliardbeløp?
– Konsulentanes berekningar seier det. Men vi som jobbar her trur ikkje på desse tala. Dersom du bygger for lite sjukehus, og medan drifta skal gå vidare samstundes, korleis skal du setje ein prislapp på tapt arbeidsmiljø, glød og skaparkraft blant dei tilsette?
Han seier stemninga er sterkt prega av avmakt etter forslaget om å nytte det eksisterande sjukehusområdet til nytt sjukehus. Aksjonsgruppa som er under etablering ønsker å komme i kontakt med helseminister Bent Høie og nytte alle kanalar for å bli høyrde.
– Vi som ER sjukehuset og som kjenner sjukehuskvardagen på kroppen skal stå i dette lenge etter at våre leiarar og konsulentar har forlate helsesektoren. Vi forlanger å bli høyrde i saka, seier Borgen.