Internasjonal mat i Drammen
Globusfestivalen vart arrangert på Strømsø torg i Drammen i dag. Det er ein festival som feirar det internasjonale Drammen og set fokus på mat og kultur. Mat frå alle verdsdelar vart servert under festivalen og store mengder folk møtte opp for å prøvesmaka.