Hopp til innhold

- Har funne mor mi sittande i si eiga avføring

Fylkeslegen i Buskerud gir sterk kritikk til demensavdelingane på Bråset bo- og omsorgssenter.

Bråset bo- og omsorgssenter

Då Øyvind Hansen gjentekne gongar fann mor si i ein tilstand han ikkje kunne godta, skreiv han sin eigen rapport til fylkeslegen. Han dokumenterte blant anna dårleg hygiene.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Eg har funne ho sittande på rommet svolten, tørst og i si eiga avføring. Og eg har kome på besøk når ho ligg i senga si, med dyna liggande på golvet og med ei lukt som tyder på at det er lenge sidan ho har fått stell, seier Øyvind Hansen frå Røyken.

Øyvind Hansen

Øyvind Hansen blei så opprørt av korleis mora hadde det på institusjonen at han skreiv sin eigen rapport.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Han fekk mor si innlagd på korttidsavdelinga ved Bråset bo- og omsorgssenter i Buskerud i oktober i fjor. Hansen skreiv sin eigen rapport for å varsle myndigheitene om det han opplevde som uverdige høve ved institusjonen.

Fylkeslegen: – Uforsvarleg

Bråset bo- og omsorgssenter

Fylkeslegen i Buskerud gir Bråset bo- og omsorgssenter sterk kritikk og kort tid på å rette opp feila.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

For dårleg bemanning, svikt i kontrollrutinar og mangelfull rapportering er noko av kritikken som rammar demensavdelingane ved Bråset bo- og aktivitetssenter i Røyken i ein tilsynsrapport. Fylkeslege Ketil Kongelstad har undersøkt forholda ved institusjonen og kjem med knallhard kritikk.

– Vi har konkludert med at tenestene som blir gitt ved dei avdelingane vi har hatt tilsyn med ikkje er forsvarlege, seier Kongelstad.

I tillegg påpeiker fylkeslegen at journalføringa ikkje er god nok.

– I sum vil eg seie at dei funna vi har gjort er alvorlege. Dette får konsekvensar for pasientane, seier Kongelstad.

Tilsynsrapporten peiker blant anna på at bemanninga ikkje står i forhold til den pleia som er naudsynt på avdelingane. Pasientar blir tekne opp frå sengene seint på dagen og får ikkje vore med på aktivitetar dei skal få vere med på etter kvalitetsforskrifta.

Får kort frist

Dagleg leiar Berit Nygård ved Bråset bo- og omsorgssenter seier dei tek situasjonen på alvor.

– Det er beklageleg, det er det første eg vil seie. Det andre er at vi synast det er bra at dei pårørande engasjerer seg. Vi ønskjer ein dialog med dei. Dei skal bry seg, det er vi ute etter og, seier Nygård.

Berit Nygård

Dagleg leiar ved institusjonen beklagar omsorgssvikta og skal i møte med Røyken kommune etter kritikken frå pårørande og fylkeslegen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Kva gjer Bråset med tilsynsrapporten som både pasient- og brukerombudet og fylkeslegen kallar alvorleg omsorgssvikt?

– Vi må sette oss ned med Røyken kommune og lage ein plan for korleis vi skal rette opp feila.

Og den jobben bør komme i gang med ein gong, seier fylkeslege Kongelstad:

– Dei vil få kort frist på å rette opp i dette. Vi skal følge Røyken kommune tett.

Berre trist

Heime i Asker sitt Øyvind Hansen som skreiv ein rapport på 29 sider til fylkeslegen og håper at den skal bli ein god stad å vere for demente i framtida.

– Dette er sjølvsagt trist for Bråset bo- og omsorgssenter, men og trist for pasientane og oss pårørande, seier Øyvind Hansen.