Hopp til innhold

- Det nye chartermålet for europeiske turistar

Det indre austlandet skal bli det nye chartermålet for turistar frå Europa. Det er målet til reiselivsnæringa i Valdres og Hallingdal.

Geilo sentrum

Frå før har britiske turistar kome med fly for å feriere på Geilo. Frå vinteren kjem tyske turistar. Geilo, Hemsedal og Beitostølen har planar om å auke tilstrøyminga frå ein ny europeisk by kvart år.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Allereie no kjem det charterturistar blant anna frå London, men målet er ein ny europeisk by på charterkartet kvart år. Den engelske reiseprosjektleiaren Trevor De Villers har stor tru på framtida.

Skryt i britiske aviser

Atle Hovi og Trevor De Villiers

Atle Hovi, direktør for Beitostølen Resort i Valdres saman med den britiske reisearrangøren Trevor De Villers.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Framtida er lovande. Eg snakka med selskapet som sende turistar hit førre vinter og dei har lovprisa området i britisk presse. Dei leitar no etter større fly på grunn av pågangen av folk som ønsker å reise hit. Det er mykje godt nytt frå Storbritannia, konstaterer De Villers.

Han hadde i går møte med representantar frå dei tre destinasjonane Geilo, Hemsedal og Beitostølen på Vestlia Resort på Geilo.

Atle Hovi, direktør for Beitostølen Resort i Valdres, seier at ein no har store planar for både neste år og åra framover.

– Det har vore ei artig reise å vere med på. Vi byrja å leite etter måtar å få fleire turistar hit for tre år sidan. Fagernes lufthavn ligg rett ved oss, og i vinter fekk vi eit charterfly med 180 seter frå London som flaug frå jul til mars. Det førte til at alle destinasjonar har fått ei fin auke i talet besøk.

Skal auke turiststraumen kvar vinter

Fagernes flyplass Leirin

Fagernes flyplass Leirin har fått ein ny vår med den aukande charterturismen.

Foto: NRK

Ein reknar med å utvide med ein europeiske by kvar vinter, seier Hovi. Kommande sesong kjem nye turistar med fly frå Düsseldorf.

– Tyskland er motoren i europeisk økonomi. Vi doblar då trafikken frå kontinentet. Vi har eit mål om å få inn fly frå ein ny stad kvar sesong. No blir det fly frå Tyskland på søndagane og frå Storbritannia søndagane. Slik skal halde fram å vekse kvart år.

– Korleis fungerer samarbeidet mellom Geilo, Hemsedal og Beitostølen?

– Det er tre sterke merkenamn som er profesjonelle turistmål. Men kvar for oss hadde vi ikkje klart å få eit fly hit. No har vi fleire stader å tilby turistane. Charterturistane legg att mykje pengar og er gull verdt for oss, seier Hovi.

Flere nyheter fra NRK Buskerud