Hopp til innhold

Musikk til Obstfelders dikt

"Jeg ser, jeg ser...

Jeg er visst kommet på en feil klode!"

Sigbjørn Obstfelders dikt har blitt karakteriserte som det litterære motstykket til vennen Edvard Munchs målarkunst.

Sigbjørn Obstfelder
Foto: Gyldendal / Scanpix

Obstfelder var også påverka av den franske diktaren Charles Baudelaire. Obstfelders ”Digte” frå 1893 er eitt av dei første eksempla på modernisme i norsk litteratur. Forfattaren døydde av tuberkulose berre 44 år gammal i 1900.

Nils Henrik Asheim med Spellemannsprisen, som han fekk i 2005 i kategorien samtidsmusikk.

Nils Henrik Asheim med Spellemannsprisen, som han fekk i 2005 i kategorien samtidsmusikk.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

I Musikk i brennpunktet skal vi nærlytte på musikk komponert med utgangspunkt i Obstfelders forfattarskap. Fleire komponistar har teke tak i dikt og prosatekstar av Sigbjørn Obstfelder og sett musikk til, no sist Nils Henrik Asheim, som nyleg har gitt ut verket ”Orkan” på CD.

- Det utdjupar vår forståing av dikta, meiner litteraturvitar Eirik Vassenden, som er med i programmet saman med komponisten.

Vi lyttar også på musikk av Arne Dørumsgaard og Alf Hurum, og høyrer korleis Jan Erik Vold formidlar Obstfelder med musikk på tunga.

Musikk i brennpunktet ved Annelita Meinich i NRK P2

  • onsdag 19. september kl. 21.03