Hopp til innhold

Kundesørvis - i byen.

Eg skulle så gjerne hatt eit par nye dongeriebukser. Det passa ekspeditrisa svært dårleg. Ein fleinskalla og lett ovevektig 50 åring var ikkje det mest interessante no.

Jeans og bar mage
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dette postkortet er sendt inn av Øystein Moi, Hornnes

Det ligg nok djupt forsegla i genene våre. Bur du nord for Homstean så trur du at alt er så mykje billigare i ”byen.” Skal du handle nye sko, bukser, kjøleskåp eller leksikon i 12 bind, ja då reiser mange av oss til byen. Det einaste me garantert handlar lokalt er bildekk hjå ”Boffen ” fyrste helga etter påske, og VG på Texaco kvar sundags morgon.

I min daglege kamp for tilværet så fartar eg land og strand rundt.

Eg he 5 ulike fylke som arbeidsstad, og stundom når hotellivet vert for keisamt og ”pay TV ” ikkje fungerar, ja då kan ein slå i hel nokre timar på eit kjøpesenter. Slik eg gjorde det i Haugesund denne veka.

Bugnende utvalg

Heilt tilfeldig svinga eg innom ein herreekvipering ikkje langt frå hovudscena for neste års ”Sildajazz” og med Smedasundet som næraste nabo. Her var hettegensarar, boxershorts og dongeribukser i slike mengder, og i eit slikt utval, at Lars Kile-butikken truleg aldri he vore i nærleiken av noke liknande. Prisnivået var truleg kring det halve av det du finn i regionsenteret for Indre Agder.

Frå 13 forskjellige høgtalarar , i taket " på veggane " og på golvet, dundra VG lista, Topp 20, med eit lydnivå som du i dag berre finn på dei mest moderne diskoteka under urbane himmelstrok. Bak disken stod ei blondine og vrikka på lekamen i takt med musikken.

Halvnaken ekspeditrise

Ho var halvnaken, full av tatoveringer og med metallkuler og kjettinger i eit uskjøneleg system frå nosa og ned til kjaken. Tenkte i mitt stille indre at slikt må vere utruleg reinsleg og greit når du er det aller minste forkjøla. Du fær på eit vis snørr og tårer samla på ein stad. I kjettingen. Lommetørklæ er liksom gjenge ut på dato. No kan du berre spyle kjettingen ei gong før leggjetid.

Så tek eg fart og skrik til den unge blondina, ho er barføtt i sandalane og med eit frontparti som tilsvarar ein dobbel D. Kan hende var det ein trippel D. Eg veit beint fram ikkje. Silikon er som kjend ei, til tider, ustabil masse.

Skulle hatt bukse

Eg skulle så gjerne hatt eit par nye dongeriebukser. Det passa ekspeditrisa svært dårleg. Ein fleinskalla og lett ovevektig 50 åring var ikkje det mest interessante no. Jenta var midt i ei tekstmelding. Tommeltotten på den eine handa for som ein skugge øve tastaturet medan pekefingeren på den andre handa jakta febrilsk nede kring drøvelen, på jakt etter restene av ein tyggegummi. Truleg ein ”Extra” med sitronsmak.

Midt mellom Michael Jackson og Lene Alexandra fekk eg inn eit spørsmål. ”He dykke dongeribukser ?” Blondina heiv til meg eit eksemplar, med hardangersøym på lommene og hol på knea.Ho nikka mot prøveromet samstundes som ho sende neste SMS ut øve Haugalandet.

Møte med ein g-streng

Buksene sat som eit skot. Dei var berre litt lange i drittfallet. Blondina sklir ned mot golvet og tek tak i buksebeinet. Nederst i buksebeinet. Både mi kristne oppseding og sjølve urinnstinktet gjer at eg ikkje kan snu meg bort.

Nå veit eg kva ein G-streng er. Ho blottlegg heile hekken, og vel så det. Eit praktisk, hygienisk og uerstatteleg plagg som Dovre underbukser vert aldri det same etter denne opplevinga.Begrepet underbukser vert aldri det same.

Kva har så Vegard Ullvang med detta å gjere? Det var då blondina ålte seg rundt nede ved fotbladet mitt at eg brått kom på at der kunne ho ikkje ha der særleg godt. Dei tjukke Ullvangsokkene mine skulle ha vore byta før sist helg. På grunn av ei hektisk periode med Morusrevyen så hadde eg gløymd dette. Eg skal ikkje gå i detalj.

Takke meg til Lars Kile

Det vart ingen handel. Me veksla ikkje eit ord. Me veksla ikkje eit blikk. Blondina og eg. Ho skrudde opp musikken, sette seg til skrevs øve disken, og tommelfingeren fauk som ein skugge øve tastaturet. Takke meg til Lars Kile på Evje. ”Staden for moderne klær.” Der kan dei behandle folk. Det skal dei ha.