Hopp til innhold

Ein varslar si historie

Kari Breirem varsla om korrupsjon - og mista jobben. Øyvind Andre Haram let oss møte varslaren i NRK P1 nyttårsaftan.

Kari Breirem

Kari Breirem (61) turde noko dei fleste kvir seg for å tenkje på. Høyr henne fortelle i NRK P1 nyttårsaftan.

Kari Breirem (61) turde noko dei fleste kvir seg for å tenkje på. I fleire år var ho direktør i eit av Noregs mektigaste advokatkontor BA-HR. Så oppdaga ho ein falsk faktura. Det vart opptakta til eit drama på liv og død.

2007 har vist at korrupsjon og snusk bak lukkede dører langt i frå er unorsk. Journalist Øyvind André Haram i NRK Her&Nå, møtte Kari Breirem tidlegare i år for å lage eit vanleg fredagsportrett i Noregs største nyheitsprogram på radio.

- Etter intervjuet då eg redigerte, hadde eg ein kjensle av at eg ville meir. Eg ville fortelje meir om henne og det svært spesielle ho har vore igjennom.

Ho sa i frå

I NRK P1 på sjølvaste nyttårsaftan får du høyre historia om varslaren Kari Breirem. Ho sa i frå om den falske fakturaen til tidlegare helseminister Tore Tønne. Historia som etterkvart førte til dramatiske dager både for Breirem og Tønne. Tore Tønne tok sitt liv, Kari Breirem mista jobben. Breierem er likevel fast på at ho ville ha gjort det same igjen.

I programmet får du møte Breirem som sjølv hevdar at hennar historie ikkje er den einaste i Noreg. Ho seier at det er på tide at ein vågar å kjempe mot korrupsjon og for tette bånd.

NRK P1 Nyttårsaftan kl 16.03:  

På BA-HR bakke - ein varslars historie

Kari Breirem varsla om korrupsjon - og mista  jobben.

Ved Øyvind Andre Haram.