Hopp til innhold

Å balansere på ein knivsegg – i lenestolen

Kriminalbøkene har ein oppsving. Eg ga dei fleire sjansar i fjor i ferien, men sat att med ei stadig større tugge av det same. Eg har ikkje tenkt å endre reiseplanane dine. Men kanskje reiselektyren?

Rathdrum Prairie ved Hayden, Idaho
Foto: JEROME A. POLLOS / AP

Kommentar: Astrid Brekken
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Du treng ikkje forlate den trygge lenestolen for å slå følgje med mine to reisande.

Den eine hevdar at for henne ”ville den ideelle måten å skrive en reiseskildring på, være å bli hjemme med telefonkontakten trukket ut og gardinene trukket for.”

Ho legg likevel ut på langferd. Ho har vore i Antarktis og New Zealand. Vi skal bli med henne på tog. Ho sit i røykekupeen og snakkar seg i ein stor sirkel gjennom heile USA.

Ho er engelsk, og heiter Jenny Diski, og enkelte kallar henne dronninga blant reiseskribentar.

Den andre skyr ikkje strabasar og insisterer på å bruke beina. Det har han gjort gjennom Iran, Pakistan, India og Nepal. Vi sluttar oss til han i Afghanistan, der han går i rett line frå Herat til Kabul. Det er vinter, det er snø og svært høge fjell på den vegen. Han balanserer ofte på ein knivsegg.

Rory Stewart er skotte, og boka hans om denne ferda - "The Places in Between" - har hausta ein skare superlativ.

Fjell i Afghanistan
Foto: DAVID GUTTENFELDER / AP

Reise i sirkel

Jenny Diski har skrive fleire romanar, og slo inn på reiselitteratur langt ute i forfattarskapet. ”En fremmed på toget” kom på norsk i 2005. Møtet med misjonærar, alkoholikarar, transvestittar og heilt vanlege folk på toget er mindre dramatisk enn den ferda ho tar oss med på gjennom sitt eige liv.

Ho hadde ein mildt sagt omskifteleg barndom hos foreldre som gjorde sitt beste for å smadre henne. Som tolv-trettenåring gjorde ho undergrunnen - Circle Line i London - til sin freda plett – ho lånte bøker på biblioteket og for prisen av ein billett kunne ho køyre i sirkel heile dagen og lesa.

Ein periode er ho på kostskole for spesielt evnerike barn. Da ho blir kasta ut av skolen har ho ei mellomlanding hos forfattaren Doris Lessing, sonen hennar gjekk på same skole. Deretter blir det psykiatrisk klinikk og mellomspel i eit destruktivt samliv.

Diski greidde også få med seg eit mareritt på si månadslange togreise. Ho takka ja til å hoppe av for å besøke ein medpassasjer. I fem dagar lever ho i angst for å vera kidnappa. Ho er hos ein vennleg familie med ein utviklingshemma son. Alt skjer i hennar eige hjerne. I hjernen, som vi stadig ikkje heilt har taket på.

Modig og sær

Kvifor reiser så Jenny Diski? For å skrive, javel. Men i tillegg utfordrar ho sin trong til kontroll og einsemd. Ho seier at hennar problem er at ho aldri kjenner seg einsam når ho er åleine, men ho kjenner seg ofte framandgjort saman med andre.

Det hender at Jenny Diski reiser til havet med poeten som ho kallar han – sin særbumann som ho er glad i:

"Men mennesker kompliserer det hele, de setter ølglassene sine på bordet, plasserer seg selv i landskapet og forstyrrer dermed mitt utsyn mot horisonten. En katt kan ustraffet gå tvers over bordplaten, om en elsker setter ølglasset foran meg på en utekafe ved stranden, understreker han at han har en plass i min tilværelse og bryter inn i min uforstyrrede utsikt over den perfekte tomhet."

Ved første blikk er kontrasten mellom Jenny Diskis amerikanske togreise og Rory Stewarts reise i Afghanistan stor.

Men når ein veit at Jenny Diski er redd for å måtte koma nokon nær, så er ho modig – ho tar utfordringa. For helst vil ho vera heime hos seg sjølv i Cambridge, med poeten trygt plassert i huset tvers over gata.

Reise med bakteppe

Så det er reiser på liv og død. Rory Stewart veit det, der han går og går på vegar og stigar i det afghanske landskapet. Han kan bukke under i den harde vinteren. Nokon kan skyte han ned – han er ein vestleg turist, han går med mange dollar på kroppen. Han er eit enkelt bytte – berre utrusta med skriv frå maktpersonar som gjev han løyve til å gå.

Så kvifor går han i dette krigsherja landet, kort tid etter talibans fall? Kvifor ligg han på golvet i landsby etter landsby, der gjestfridomen ikkje alltid er stor, kvifor utset han seg for magesjau og feber, dagsmarsjar på tre-fire mil, med tung bør? Vi kan berre takke, same kva som driv han, for utallige møte - tragiske, rørande og skremmande. Stewart kan kommunisere på dari, den afghanske dialekta av farsi.

Med seg har han eit historisk bakteppe – han går i fotspora til Zahir Babur. Babur var grunnleggjaren av moguldynastiet i India. Han skreiv også poesi – på tyrkisk og persisk. I 1504 erobra han Kabul. Han rådde over eit av dei mektigaste imperia i verda. Han gjekk denne vegen frå Herat til Kabul, frå vest til aust i Afghanistan.

I likskap med den berømte polske journalisten Ryszard Kapuscinski i boka "Reiser med Herodot", hentar Rory Stewart brotstykke frå Baburs liv og reiser – fram til han i 1530 blir gravlagt - i Kabul. Desse lenkene tilbake, tusenvis eller hundrevis av år, er i begge tilfelle ein glimrande måte å få lesaren interessert i noko dei fleste av oss ikkje ville oppsøkt.

Men i motsetning til Kapuscinskis "Reiser med Herodot" – der eg lengst vil hugse dei utrulege skildringane av ulike folkegrupper på Herodots veg – vil eg i Rory Stewarts afghanske reise hugse hans eigne opplevingar og observasjonar best, og den hunden han knyter seg til og gret over ved reisas slutt. I ein landsby blir han spurt om han vil kjøpe ein hund – ein enorm og einsam hund, utan øyrer, med delvis utslåtte tenner, og berre ein stump att av halen. Rory Stewart legg seg ned i ei mjuk snøfonn på det same fjellet der Babur ei natt var ille ute i snøen og kalden. Stewart vil bli i den fonna. Det vil ikkje hunden.

Ein bit av det ukjende

Rory Stewart granskar lite sine eigne kjensler og sitt eige liv. Og han ville uttrykt seg annleis, men eg meiner han ville vore samd med det Jenny Diski tenkjer der ho sit på toget, snart tilbake i New York og reiseslutt:

"Jeg satt med en følelse av tomhet. Jeg snakket, jeg reagerte. Ord og opplevelser flagret bare rundt som forstyrrede sommerfugler. Men samtidig var jeg forbløffet over menneskene, hva de har å si, hvordan de lever, hvordan denne planeten kan eksistere med så mye sludder og så mye seig utholdenhet."

Eg sa eg ikkje ynskjer å påvirke reiseplanane dine. Men kanskje reiselektyren? Kriminalbøkene har ein oppsving. Eg ga dei fleire sjansar i fjor i ferien, men sat att med ei stadig større tugge av det same. Hjarta bankar fortare når eg følgjer folk som Rory Stewart og Jenny Diski. Dei vel ikkje minste motstands veg. Så kvifor skal vi gjera det – i den trygge lenestolen?