Hopp til innhold

Ondsinna terrorist eller sjuk jævel?

Dommen skal falle over norgeshistorias verste massemordar. Men om han kan straffast etter lova er eit heilt ope spørsmål.

Breivik gråter

Sentralt står spørsmålet om han skjøna kva han gjorde, og om han skjøna at det var gale, skriv kommentator Knut Magnus Berge om dommen mot Anders Behring Breivik.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kommentarvignett ytring RIKTIG

Anders Behring Breivik utførte handlingane 22. juli og blir sperra inne i svært mange år, enten i sjukehus eller i fengsel. Det er sikkert. Han blir sitjande så lenge han utgjer ein fare for samfunnet. Det kan bety resten av livet, og det gjeld uansett utfall av spørsmålet om tilreknelegheit. Så kva er forskjellen?

Det er eit spørsmål om viktige rettsstatsprinsipp, og om eit lovverk under press. For lovverket når det gjeld rettspsykiatri vil bli endra som følgje av 22. juli-saka. Men like sikkert er at Breivik skal dømmast etter dagens lovverk.

Evne til skuld

For å kunne straffe eit menneske i Norge må vedkomande ha såkalla skuldevne. Og for å ha evne til skuld må han vere strafferettsleg tilrekneleg. Var Breivik psykotisk og strafferettsleg utilrekneleg, så kan han ikkje straffast – slik er lova.

Sentralt står spørsmålet om han skjøna kva han gjorde, og om han skjøna at det var gale. Eller meir folkeleg: Visste han at det var Anders Behring Breivik som kaldblodig gjekk rundt på Utøya og drap ungdom, eller trudde han at det var ein tempelriddar som var der ute, og deltok i ein krig?

«Lovverket når det gjeld rettspsykiatri vil bli endra som følge av 22. juli-saka. Men like sikkert er at Breivik skal dømmast etter dagens lovverk.»

Knut Magnus Berge, kommentator

Nesten alle ekspertar som vitna i retten meiner han visste kva han gjorde og var tilrekneleg, inkludert eit av to rettsoppnevnte psykiaterpar. På den andre sida står det første rettsoppnevnte psykiaterparet, som meiner han lir av ei gjennomgripande vrangforestilling. Bevismessig er det derfor lett å konkludere med at det mest sannsynlege er at han visste kva han gjorde, og at han dermed er tilrekneleg. Men er det nok?

Tvilens tyngde

Det er her tvilen kjem inn. Og kva tyngde tvilen skal tilleggjast. For det skal bevisast at ein person har skuldevne for å kunne straffe han. Det er aktoratet som har bevisbyrda, og aktorane er i tvil. Dei meiner at den eine psykiatrirapporten som konkluderer med at han er utilrekneleg, skapar nok tvil til at han ikkje kan straffast. Dei hevdar – og støttar seg på ein høgsterettsdom frå 1979 – at ein må vere nesten heilt sikker på at han er tilrekneleg for å kunne straffe han.

«Visste han at det var Anders Behring Breivik som kaldblodig gjekk rundt på Utøya og drap ungdom, eller trudde han at det var ein tempelriddar som var der ute, og deltok i ein krig?»

Knut Magnus Berge, kommentator

Det er ikkje nok at det er mest sannsynleg. I botn ligg prinsippet om at all tvil skal kome tiltalte til gode. På dette punktet er jussen uklar. Debatten går juristar imellom, også om det skal tilleggjast vekt at han sjølv ønskjer å stå til ansvar.

Kan kome til å anke

Sikkert er at tingretten må kome med eit svar – tilrekneleg eller utilrekneleg? Men blir svaret ståande?

«Det er ikkje usannsynleg at riksadvokaten ankar dersom han meiner retten tøyer jussen for langt.»

Knut Magnus Berge, kommentator

Breivik sjølv hevdar seg tilrekneleg, og har varsla at han ankar om han blir funnen utilrekneleg. Det kan heller ikkje utelukkast at han ankar om utfallet blir det motsette. Han har krav på ein ny runde i ein høgare instans, og er neppe til å stole på i sine løfter frå rettssaka om at han ikkje ville anke ein tilreknelegheitsdom.

Men også påtalemakta kan kome til å anke. Det er ikkje utenkeleg at riksadvokaten ankar dersom han meiner retten tøyer jussen for langt. Altså at dei legg til grunn eit lågare krav til bevis for skuldevne enn aktoratet har påstått.

Tingrettens dom blir historisk, men det er langt frå sikkert at den blir ståande. Utfallet er ope og vi gjer alle klokt i å stålsette oss. Det kan fort bli ein ny runde i ein høgare rettsinstans.