Hopp til innhold
Kronikk

Er fedmekirurgi problemet?

Kor mykje ressursar Noreg skal bruke på fedmekirurgi kan ikkje lausrivast frå fedme som samfunnsproblem. Det er greitt å spørje om ein skal operere færre, men vi må også spørje om vi skal operere fleire.

Overvekt.

«Fedmekirurgi blir ståande som ei viktig og målretta behandling for sjukleg overvekt», skriv Eli Natvik og Randi Jepsen.

Foto: JEFF HAYNES / AFP

Auken i fedmeoperasjonar skal diskuterast i Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helse- og omsorgstenesta (Rådet). Saksframlegget byggjer mellom anna på ein fersk rapport frå Kunnskapssenteret. Rådet skal drøfte om færre skal opererast i Noreg i framtida, og auka bruk av ikkje-kirurgiske behandlingsformer er føreslått.

Gjennomgåande synest Rådet å oppfatte fedmekirurgi som ei motsetning til andre behandlingsmetodar, eller til fedme som folkehelseproblem. Styrking av helsefremjande tiltak som gjer det enklare å vere fysisk aktiv i det daglege og få tilgang til å velje sunn mat og drikke vil truleg fremme folkehelsa. Likevel kan breie tiltak på samfunnsnivå ikkje ventast å vere treffsikre for menneske med sjukleg overvekt, at det gjev grunnlag for å innskrenke tilgang til kirurgi.

Problematisk fedmeforsking?

Rapporten seier at sjølv om det er dokumentert at kirurgi gjev størst og mest varig resultat samanlikna med andre tiltak, er det for få solide studiar med lang oppfølgingstid til å konkludere om langtidseffekten. Langtidsstudiar kan likevel vere utfordrande å gjennomføre i praksis. Pasientgrunnlaget er relativt lite i Noreg, og fedmekirurgi kan reknast som ny behandling her til lands.

Vi må evne å balansere fokus på behandling med ei brei satsing på folkehelsetiltak for å bremse tendensen til vektauke i Noreg.

Eli Natvik og Randi Jepsen

I Helse Førde starta ein med fedmekirurgi og register frå 2001, og biobank frå 2003. Ein kan forvente fleire studiar med lenger oppfølgingstid framover. Fleire norske fagmiljø har også publisert studiar med femårs oppfølging, og minst ein studie med tiårs oppfølging vil vere ferdig i 2014.

Vi er samde i at forskingsbasert kunnskap om biverknader og komplikasjonar på lang sikt er vesentleg. Det kan tenkjast at dette har komme i skuggen av krav til å forske på effekt av behandlinga. Kanskje kan forsking bidra til større openheit for negative erfaringar etter kirurgi, i media, blant brukarar og i helsevesenet. For å oppnå dette må det vere takhøgd for å diskutere utan å trekkje forhasta slutningar om kor tilrådeleg denne behandlinga er.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Innstramming av tilgang til kirurgi?

Auka bruk av ikkje-kirurgisk behandling er eit interessant forslag. Når det gjeld slike behandlingsformer (endring i kost, aktivitet, åtferdsterapi, medikament) vil ein finne mindre og svakare dokumentasjon for langtidseffekt. Endringsprosessane som brukarane gjennomgår veit vi framleis lite om. Vidareutvikling av desse tilboda må følgjast opp med forsking. Det kunne vere interessant å prøve ut ei utviding av kriteria for ikkje-kirurgisk behandling, slik at endringsprosessar kan komme i gang før vekta blir svært høg.

Rådet er inspirert av Danmark når det vil drøfte innstramming av kirurgi. I Danmark er sjukleg overvektige sin tilgang til kirurgi stramma inn, og ikkje lenger i tråd med internasjonale retningslinjer. I Noreg kan ein person som veg 114 kilo og er 168 cm høg bli vurdert for fedmekirurgi. I Danmark må same personen vege 142 kilo for å bli vurdert.

Fedmekirurgi blir ståande som ei viktig og målretta behandling for sjukleg overvekt.

Eli Natvik og Randi Jepsen

Risikoen for fedmerelatert sjukdom aukar med stigande KMI, og risikoen ved sjølve inngrepet er noko større for dei største brukarane. Høgare vekt før operasjonen kan vere uheldig for fysisk, mental og sosial funksjon. Ein kan spørje seg om ei slik innstramming gjev brukaren eit godt utgangspunkt for å oppnå betre helse og varig vektreduksjon. Kva veit vi eigentleg om korleis det går etter innstramminga i Danmark, utover at tal operasjonar har gått ned? Rådet synest å ville diskutere saka meir, og det er det all grunn til.

Treng fleire kirurgi?

Kor mykje ressursar Noreg skal bruke på fedmekirurgi kan ikkje lausrivast frå fedme som samfunnsproblem. Det er greitt å spørje om ein skal operere færre, men kva med å spørje om dagens nivå er passeleg, eventuelt om fleire kan trenge kirurgi?

Brukarerfaringar og kvalitative studiar har gitt innsikt i at oppfølging livet ut er sentralt, men at måling, veging, blodprøvar og rådgjeving er utilstrekkeleg. Brukarane etterlyser fokus på emosjonelle sider ved omstillinga til livet etter kirurgi. Tida er altså ikkje inne for å vende merksemda bort frå fedmekirurgi, men for å utvikle tilbodet vidare. Vi må evne å balansere tilstrekkeleg skarp konsentrasjon på behandling med ei brei satsing på folkehelsetiltak for å bremse tendensen til vektauke i Noreg.

Fram til at helsefremmande tiltak syner seg å snu trenden med aukande vekt, eller vi lykkast med å utvikle effektive og mindre inngripande tiltak, blir fedmekirurgi ståande som ei viktig og målretta behandling for sjukleg overvekt.