Hopp til innhold

Mjødurt-te, godt for det meste

Det er medisin og velsmak i ein og same plante. Drikk te i staden for Dispril eller Globoid om du har skallebank.

Mjødurt-te
Foto: Egil Torheim / NRK

Mjødurt er ein eldgamal medisinplante som har smertestillande effekt. I Hardanger blir planten gjerne kalla meortagras, og den inneheld dessutan C-vitamin i store mengder. Før plante humle var tatt i bruk til ølbrygging var mjødurt viktig å tilsetja når ølet skulle lagast.

Plukk blader av mjødurtn og berre blader. Prøv ikkje å bruka blomen då får du same smaken som av oppvaskvatn. La bladene koka i ca 4-5 minuttar. Mengden av vatn og urter avgjer du sjølv. Vil du ha meir søtsmak tilset sukett eller sukker.

Passar ypperleg til tørking og vinterlagring, men altså- husk å berre tørka bladene.