Hopp til innhold

Passasjerfly sakna i Mosambik

Eit passasjerfly frå selskapet Mozambique Airlines med 34 menneske om bord er sakna, opplyser flyselskapet.

Flytypen Embrear 190

Det er eit fly av denne typen, ein Embraer 190, som er sakna i Mosambik

Foto: Embrear.com

I meldinga frå flyselskapet heiter det at flight LAM TM470 tok av frå flyplassen i hovudstaden Maputo i Mozambique kl. 12.26 norsk tid, men at det ikkje har kome fram til Luanda i Angola. Det skulle ha landa i Luanda kl. 15.10 norsk tid.

Resultatlaus leiting

Det heiter vidare at flyet, som er av typen Embraer 190, kan ha landa i Rundo nær grensa til Namibia, men at dei ikkje har fått dette stadfesta. Selskapet opplyser at det ikkje har lukkast å kome i kontakt med flyet.

Talsmann for flyselskapet, Norberto Mucopa, seier til det franske nyheitsbyrået AFP at den siste kontakten med flyet var like ved grensa mellom Botswana og Angola. Han kan ikkje seie noko om nasjonaliteten til dei om bord i flyet.

Det blir leitt etter flyet i området, men det er førebels ikkje funne spor etter det. Det har kome meldingar om at flyet kan ha styrta etter å ha kome inn i ein storm, men Mucopa vil ikkje kommentere dette.

Det er 28 passasjerar og eit mannskap på seks om bord i flyet.

Mørkt og dårleg ver

Ifølgje den portugisiske TV-kanalen RTP skal det vere dårleg ver i området, og at dette kan vere årsaka til at det er vanskeleg å få kontakt med området der dei sist var i kontakt med flyet.

Ein politioffiser i Namibia seier til AFP at dei deltek i leitinga etter flyet, men at leiteforholda er vanskelege.

Ein flygar, som ikkje vil gi opp namnet sitt, seier til AFP at ikkje stadfesta meldingar kan tyde på at flyet har «gått ned» i Bwabwata nasjonalpark rundt 200 kilometer aust for Rundu. Det bur få menneske i dette området.

Saka blir oppdatert

Mozambique Airlines LAM

SISTE NYTT

Siste nytt