Hopp til innhold

Store styrkar i sving for å hindra nytt val-blodbad

Med blodbadet frå førre presidentval friskt i minnet, tek styresmaktene i Kenya ingen sjansar. Enorme politi- og tryggingsstyrkar er i beredskap etter at Høgsterett laurdag godkjende resultatet frå presidentvalet.

Politiet på vakt i Mathare-slummen

Store politistyrkar patruljerer laurdag fleire stader i Kenya. Her er dei på vakt i Mathare-slummen, ein av plassande det braut ut uro som følgje høgsterett si godkjenning av presidentvalet.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er tre veker sidan Uhuru Kenyatta blei utropa til vinnaren av presidentvalet i Kenya, med rett over 50 prosent av stemmene. Hovudutfordrar Raila Odinga godtok ikkje resultatet og meinte valet var prega av valfusk.

Laurdag kom kenyansk høgsterett samrøystet fram til at Kenyatta er ein rettskaffen vinnar, og at valet gjekk føre seg på fritt og rettferdig vis.

Hundrevis kasta stein

Lars Sigurd Sunnanå på Omdurman-markedet

NRK sin Afrika-korrespondent Lars Sigurd Sunnanå er i nairobi og følgjer den spente situasjonen i Kenya.

Foto: NRK

Odinga uttala laurdag at han aksepterer nederlaget.

– Retten har sagt sitt. Eg ønskjer den ærverdige Uhuru Kenyatta og støttespelarane hans alt godt, sa Odinga på ein pressekonferanse.

Retten si avgjerd blir likevel møtt med protestar i einskilde Odinga-leirar. I statsministeren sin heimby Kisumu måtte politiet bruka tåregass mot fleire hundre steinkastande ungdomar.

To personar blei skotne og såra i uroa, ifølgje politiet.

Det har også vore samanstøytar utanor Høgsterettsbygget i Nairobi, fortel NRK-korrespondent lars Sigurd Sunnanå som er i den kenyanske hovudstaden.

Årets val har likevel gått svært roleg føre seg samanlikna med det kontroversielle valet for fem år sidan.

Meir enn 1200 menneske vart drepne i uroa som blei utløyst av strid om valresultata i 2007. Opptøyane mellom to leirar følgde i stor grad etniske skillelinjer.

– I år er det eit enormt oppbod av politi- og tryggingsstyrkar, både i Nairobi sentrum og rundt om i slumområda for å stansa opptøyar som måtte koma i kjølvatnet av dagens rettsavgjerd, seier Sunnanå.

Fryktar nytt blodbad

Den store frykta er at blodbadet skal gjenta seg etter årets val.

– Til ei viss grad vil det nok oppstå politiske samanstøytar mellom tilhengjarar av Odinga og Kenyatta. Men det kan gli over i reine valdelege opptøyar der ein går laus på kikuyuar og kalenjier - andre stammar enn Luo-stammen som Raila Odinga tilhøyrer, ifølgje Sunnanå.

Er det sannsynleg at laurdagens tillaup til vald eskalerer til brutal uro på same nivå som i 2007?

– Eg trur ikkje det er grobotn for eit tilsvarande utvikling. Veldig mange kenyaranarar sier «ikkje ein gong til», det er ei grunnhaldning blant dei eg snakkar med. Dei har lært av det som skjedde for fem år sidan då heile landet var på randen av full borgarkrig.

NRK-korrespondenten viser også til at tryggingsoppbodet i år er eit heilt anna enn ved førre val.

– Dermed er det håp om at dei neste påskedagane kan bli fredelege, men me veit ikkje. Det gjenstår å sjå dei nærmaste dagane korleis reaksjonane blir, seier Sunnanå.

Opprørspoliti i Kisumu, Kenya

Opprørspoliti på vakt i Odinga-bastionen Kisumu etter valdelege opptøyar laurdag.

Foto: STRINGER / Reuters

President på tiltalebenken

Uhuru Kenyatta

Uhuru Kenyatta vann med knapp margin presidentvalet i Kenya. Han blir teken i eid den 9. april, to månader før han skal inn for Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) - tiltalt for brotsverk mot menneskja.

Foto: HANDOUT / Reuters

Innsetjinga av Kenyatta som ny president skal etter planen skje den 9. april - nøyaktig to månader før den same Kenyatta må møta i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC).

Den påtroppande presidenten er nemleg ein av fire kenyanske toppolitikarar som er tiltalte for brotsverk mot menneskja i samband med den tragiske uroa i 2007.

Ifølgje tiltalen var Kenyatta med på å organisera drapshandlingar.

At ein demokratisk vald president sit på tiltalebenken med så alvorlege skuldingar mot seg, kan by på store problem for Kenya i tida som kjem.

– Det er ein delikat situasjon både for Kenya og for domstolen i Haag. Det er mykje upløgd mark her både når det gjeld internasjonal jus og ikkje minst når det gjeld Kenya sitt forhold til omverda. Mange regjeringar synest det er lite stas å forholda seg til ein president som er tiltalt for brotsverk mot menneskja, seier Sunnanå på telefon frå Nairobi.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Fem personar til sjukehus etter angrep med sverd i London

Både forbipasserande og politi er skadde etter valdshendinga i Hainault, London. Politiet seier dei har arrestert ein mann med sverd.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.