Hopp til innhold

Ber partikontoret rydde opp

Drangedal Arbeiderparti ber partikontoret på Youngstorget om hjelp for å rydde opp i ein konflikt mellom ordføraren og gruppeleiaren i kommunestyret.

Karianne S. Reiten

Ordførar Karianne Sydtveit Reiten (31)

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Etter det NRK kjenner til meiner ordførar Karianne Sydtveit Reiten at det er uråd å samarbeide med gruppeleiar Magnus Straume.

Stadfester brev

Karianne Sydtveit Reiten stadfester at ho har teke saka opp i eit brev til leiaren i kommunepartiet, Svein Kolloen.

– Eg har sendt eit brev, men vil ikkje kommentere innhaldet, seier ordføraren.

Veteranar tek plass

Magnus Straume

Partiveteranen Magnus Straume er overraska over påstanden frå ordføraren om samarbeidsproblem.

Partileiar Svein Kolloen stadfester at han har fått eit brev der ordføraren tek opp samarbeidsvanskane med gruppeleiar Magnus Starume. Kolloen har kontakta Bjørn Eriksen på partikontoret i Oslo og Terje Lien Aasland i Telemark Arbeiderparti for å få hjelp.

– Vi har ein ung og dyktig ordførar. Men det kan vere eit problem for ordføraren at noko av partiveteranane tek for stor plass, seier Svein Kolloen.

Konflikt om toppverv

Konflikten mellom den 31 år gamle Karianne Sydtveit Reiten og partiveteranen Magnus Straume (58) toppa seg då Drangedal kommunestyre valde leiar i næringsrådet. Drangedal Arbeiderparti gjorde framlegg om Magnus Straume, men kommunestyregruppa snudde då den borgarlege blokka bad om at ordføraren tok toppvervet i det viktige rådet.

Ei kjelde seier til NRK at Straume på eit møte i kommunestyregruppa sa at Sydtveit Reiten sine røynsler frå den sivile jobben hennar som legesekretær ikkje var nok til å leie rådet.

Straume avviser dette.

– Det er rett at eg sa at Karianne var legesekretær. Men det var meint sjølvironisk, for å forklare at ordføraren var i stand til å lese den utydelege handskifta mi, seier Magnus Straume.

Gruppeleiaren overraska

Straume seier at han er overraska over at ordføraren har sendt eit brev om samarbeidsvanskar til leiaren i kommunepartiet.

– Det er eit mål for det politiske arbeidet mitt å bygge opp ordføraren. Men det kan vere at vi er ulike, og at ho misforstår veremåten min, seier Magnus Straume.

Saka er ekstra pikant for Arbeiderpartiet fordi Magnus Straume er tilsett i partiet. Han er for tida permisjon frå partijobben.

Vil rydde opp

Leiar i Telemark Arbeiderparrti, Terje Lien Aasland, stadfester at Drangedal Arbeiderparti har teke kontakt for å få hjelp til å rydde opp.

– Det er ikkje uvanleg at partilag ber om slik hjelp. Saman med partisekretariatet i Oslo skal vi få på plass rutiner for samarbeidet, seier Lien Aasland.