Hopp til innhold

Kvitsund får nytt etikkhefte

Kvitsund gymnas skal nå nytte same etikkhefte som Tryggheim gymnas på Nærbø på Vestlandet.

Torleif Belck-Olsen

Rektor Torleif Belck-Olsen ved Kvitsund gymnas har erstatta omstridd hefte.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Heftet blir ei erstatning til det omstridde heftet som lærte elevane at abort kan vere fosterdrap og at homofili kan skuldast er ei skade i barnets tidlege utvikling.

Vedtaket om å erstatte det omstridde heftet blei gjort i 2009, men på grunn av svikt i interne rutiner så har ikkje dette blitt følgd opp.

Rektor ved Kvitsund, Torleif Belck-Olsen seier at det er fleire tinge ved heftet som kan gjere det ueigna i undervisninga.

– Det nye heftet har vel ein litt annan tone, er meir spørrande og ikkje så konkluderande på ein del ting, seier Belck-Olsen.

(artikkelen held fram under biletet)

Kvitsund gymnas

Kvitsund gymnas i Kviteseid.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Tradisjonelt kristent syn

Han seier til Telemarksendinga at forskarar har fleire teoriar om årsakene til homofili og ikkje noko endeleg svar.

Men han seier at det nye heftet også kan bli kontroversielt.

– Det nye heftet har vårt tradisjonelle syn på abort og homofili. Det er det jo ikkje alle som er einige i dagens samfunn, seier Belck-Olsen.

Han blir ikkje overraska om nokon vil reagere på det, men han trur ikkje det blir like kontroversielt.