Førre helg tok Rønning den Colgna på femmila i Holmenkollen. Det skjedde etter ein klassisk spurt av dei sjeldne,
.– Dette er stort, ein draum som blir verkeleg, jubla Eldar Rønning til NRK etter løpet.
Kjempa side om side
I Falun laurdag var det tid for revansj. Kamphanane var igjen side om side på oppløpet.
Denne gangen måtte Rønning gje tapt. Sveitsaren passerte mållinja fire tidelar framfor nordmannen i samla spurt etter 15 kilometer.
Dermed trygga Cologna leiinga i minitouren som blir avslutta sundag.
Rønning best i Mördarbacke-avslutninga
I løpet av fellesstarten måtte feltet klatre opp den knallharde Mördarbacken. Ved første anledning halsa Cologna seg til topps i tet.
Men andre gangen viste Rønning friske takter, og knakk både Cologna og andre utfordrarar i siste spurt før avslutninga.
VIDEO: Rønning best opp Mördarbacken (saka held fram)
Dyrhaug snytt for pallplass - igjen
I ryggen på dei to beste klassiskløparane på fellesstarten kom ei relativt stor gruppe palltørste utøvarar.
Der var også norske Niklas Dyrhaug. Han hadde verkeleg noko å revansjere etter prologen fredag. Då fekk 24-åringen fjerde beste tid, og var bare 3,8 sekund frå tredjeplassen.
Men også denne gangen skulle Dyrhaug komme til kort. Kanadiaren Len Valjas kuppa tredjeplassen, seks tidel framfor den uheldige nordmannen.
Martin Johnsrud Sundby kapra sjuandeplassen, 5,9 sekund bak vinnaren Dario Cologna.
Øvrige norske:
Sjur Røthe nummer 16, Pål Golberg nummer 30, John Kristian Dahl 32, Eirik Brandsdal 39, Ola Vigen Hattestad 41 og Anders Gløersen nummer 42.