Både Charlotte Kalla, Emil Jönsson, Hanna Brodin, Anna Haag og Anders Södergren er plaga med ulike sjukdommar før årets største langrennskonkurranse.
Alle er dei tatt ut i Sveriges tropp til touren.
Den aller tyngste beskjeden kom i tysdag: Bjørgens største svenske rival, Kalla, har fått ein øvre luftvegsinfeksjon og må ta antibiotika for å bli frisk i tide til start 29. desember.
– Ho er kraftig forkjøla, seier trenaren Magnus Ingesson til svenske Radiosporten.
Kalla: «Utmattande»
«Tålmodet mitt er sett på prøve nok ein gang. Det er utmattande å handtere slike situasjonar,» skriv Kalla i bloggen sin.
Også landslagslege Magnus Dyborn stadfestar til svenske Expressen at Kalla er i særs dårleg form.
– Etter tung belastning i Davos og Rogla har sjukdommen gripe tak. Det er klart ho er lei seg for det, men slikt skjer. Det finst verre ting enn forkjøling, seier landslagslege Magnus Dyborn.
Hadde ikkje lege i Davos eller Rogla
Onsdag skreiv Expressen at Sverige ikkje hadde landslagslege med seg til verdscuprenna i Davos eller Rogla.
Der skal Kalla allereie ha pådratt seg liten grad av forkjøling. Landslagsleiinga var klar over at ho hadde plager, men løparen fekk likevel gå.
– Eg hadde ikkje nokon dialog med ho. Men eg forstod at ho hadde hatt plager med luftrøyret, seier Dyrborn.
Svenkanse vil heller ikkje ta med seg lege til Tour de Ski.
Også Norges storfavoritt, Marit Bjørgen, sleit også med sjukdom i Rogla. Ho valde å droppe verdscuprenna i Rogla sjølv om det ikkje var norsk lege tilstades.
– Vi hadde lege i Davos, men ikkje i Rogla. Men vi sa at om noen blei sjuk i Rogla så var det bare å reise heim, seier landslagssjef Vidar Løfshus til Expressen.
Akkurat det gjorde Bjørgen. No er ho tilbake i skrisporet.
- LES OGSÅ:
VIDEO: Bjørgen droppa verdscuprenn (Artikkelen held fram)
Trenaren: – Ho er lei seg
Trebar Ingesson håpar at Kalla kan vere med i Tour de Ski, men at det no ikkje er like høge forhåpningar til den svenske yndlingen.
Han opplyser at Kalla kan vere tilbake i trening mot slutten av veka.
– Om alt fungerer bra er ho kanskje i aktivitet igjen mot helga. Ho kan nok ikke presse seg hardt, men aktiv i ein slags form vil ho vere, seier Dyborn.