- Ja, vi er nok ikkje ferdige med spelarjakta enno, og vi sjekkar status på tidlegare spelarar som presterer på eit høgt nivå, seier sportsleg leiar Inge Andre Olsen til NRK.
Alanzinho og Gunnarsson var eit suksesspar på Stabæks store lag som tok seriesølv i 2007 og gull i 2008. Så blei dei borte. Men medan Gunnarsson er tilbake frå Vålerenga, er Alanzinho framleis i tyrkiske Trabzonspor. Der slit han stort sett benken. Men han tener så godt likevel at Stabæk neppe klarer å få han tilbake. Likevel har dei vore i samtaler med brasilianaren.
- Det skal mykje til før det blir aktuelt å hente han heim, seier Olsen.
Men jakta på nye spelarar held likevel fram med full tyngde fram til overgangsvindauget stengjer 31. august.
- Vårt primære mål er å berge plassen i eliteserien. Det er eit stykke opp, men vi gjer det som står i vår makt for å klare det, seier Inge André Olsen.